Sport | 07. jan. 2020

Adelheid viste millimeterpresisjon

Adelheid Røttingen Møller skaut 3 x 350 poeng på romjulstreffet. Amalie Evensen sette ny personleg rekord i den beste klassen.

Adelheid viste millimeterpresisjon
Adelheid Røttingen Møller (t.h.), her saman med Sofie Evensen og Daniel Myklebust Fjellstad på stemne i Ølen i sommar. (Foto: Os skyttarlag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. jan. 2020 11:39

Tradisjonen tru hadde Os skyttarlag «romjulstreffen» mellom jul og nyttår. Utkvilte ungdomar imponerte på 15-metersbanen i kjellaren på Ulven, og på Fana og Bergen sine stemne.

– Vi hadde god deltaking og svært gode resultat. Adelheid Røttingen Møller, som fyller 15 år seinare i år, var i særklasse i eldre rekrutt og skaut 3 x 350 poeng, fortel Jan Kristian Evensen frå Os skyttarlag.

– Av 105 skot var det heile 67 som sat i innertiaren. Dette er berre heilt rått! Ho har verkeleg funne formen, sjølv om det er midtvinters. Det er ikkje berre å treffe 10-aren, som er 2 mm på ein 15-metersbane.

Adelheid debuterte på skytebanen for 4,5 år sidan.

• Les òg: Midt i blinken på første forsøk (2015)

Fleire personlege rekordar

Bak Adelheid var det andre frå Os som viste musklar: Daniel Myklebust Fjellstad, Maren Evensen, Sofia Dale og Celine Daviknes Hårvik – alle med gode resultat på eitt eller fleire av stemna i Os, Fana og Bergen. Fleire sette individuelle personlege rekordar.

Gaute Eide Bergstø og Sofie Evensen hadde kvart sitt stemne som dei markerte seg på. Sofie vann Bergen skytterlag sitt stemne i klasse junio, Gaute kom på 2. plass på Os. Aleksander Ronæs, som skaut to stemne, fekk ein fin 4. plass i Fana.

Ole Morten Wåge og Tobias Mjåtveit Eide i klasse rekrutt tok også turen opp om Ulven i veka. Begge er unge og framstormande innan skytesporten.

Ny rekord til Amalie

Amalie Evensen har fått unnagjort første året i den beste klassen (5), og har hatt ein god sesong.

I romjula var også ho med, etter ein god treningsperiode. Ho starta på Os med 344 og sette ny personleg rekord på 25 skot (246).

På Fana fylde ho opp med ein ny 246 serie, men med ein betre omgang på 99 p og 345 poeng. I Bergen fekk ho òg 246, men klinte til med 100 på omgangen, og slutta her på 5. plass.

Arild Røyseth og Geir-Wiggo Dale klarte ikkje å matcha Amalie denne helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.