Admiral P. (Foto: Stian Andersen)

Admiral P til Osfest

Kongen av norsk reggae, Philip «Admiral P» Boardman, kjem til Os i august.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Philip Tom Joseph Boardman, kjent som Admiral P, er booka til Osfest og skal på scenen i 21-tida laurdag 10. august.

Han hadde gjennombrotet sitt med låten «Spinnvill», blei nominert til Spellemannsprisen 2011 med låten «Snakke litt» og i 2013 med låten «Kallenavn».

I 2014 vann han Spellemannprisen i klassen årets hit for låten «Engel» saman med Nico D.

Frå Afrika til Noreg

Boardman blei fødd i Zambia i 1982 og vaks opp i hovudstaden Lusaka med zambisk mor og norsk far.

Som 13-åring flytta han og familien til Noreg, kort tid seinare døydde faren. Philip fekk ei utfordrande ungdomstid, men så fann han musikken.

«Vi lever»

I 2016 deltok han i TV2-programmet «Hver gang vi møtes» med Henning Kvitnes, Unni Wilhelmsen, Jørn Hoel, Eva Weel Skram, Wenche Myhre og Ravi. Der song Admiral P blant anna Ravi sin «Dødssøt», Wenche Myhre sin berømte «Vi lever» og «Ingen tid å miste» av Henning Kvitnes.

Seinare har han gjeve ut låtar som «Nydelig», «Bobler» (saman med Onkl P), «Alltid Der», dedisert til mora si, og «Sammen Som En».

Sjå video, «Alltid der». (Artikkelen held fram under videoen)

Han er kjent for sine forrykande liveshow saman med det velrennomerte 9-mannsbandet The Global Citizen Band. På Osfest får vi høyra både nyare og eldre hits.

Førebels ser Osfest-programmet sånn ut:

Fredag 9/8:
Vivillain
Sipher
Sondre Justad
TBA (to be announced)
Stage Dolls

Laurdag 10/8:
TBA
TBA
Admiral P.
Violet Road
The Untouchabl(u)es

• Midtsiden samleside: Osfest

Fleire saker