Advent på fire språk
Fleire nasjonar var representerte då 4. klasse ved Kuventræ skule hadde ansvar for vekas adventsstund.


Kvart år har Kuventræ skule adventsstund den eine skuletimen måndagen etter kvar adventssundag. Tredje klassetrinn startar og sjetteklasse avsluttar i kyrkja nest siste skuledag.
I dag var det 4. klasse sin tur til å underhalda medelevar og foreldre som kom for å sjå.
- Vi vel kvart år ut eit sett med låtar, og nokre av dei går igjen, seier kontaktlærar for 4 B, Bjarte Hauge.
Hauge akkompagnerte elevane med pianomusikk til dei åtte låtane.
- Brasil, Polen, Palestina, Tyrkia, Marokko og Vietnam er representert, seier Bjarte om mangfaldet i klassetrinnet.
Det fekk vi også høyra i adventsstunda, Bjelleklang blei framført på engelsk, portugisisk og norsk og ein av elevane song "Glade jul" på polsk.
Under bilda kan du høyra Bjelleklang på tre språk, med elevar i blåserekkje.