Lokal | 02. aug. 2017

Advokat: – Vedtaket er ugyldig

«Det er begått urett og saksbehandlingsfeil i saken mot Havnesjefen i Os» skriv advokat Olav Sylte.

Advokat: – Vedtaket er ugyldig
Frå klekkinga av årets kull, det sjette kullet Hamnesjefen og maken har fått på breidden av Oselvo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. aug. 2017 19:48

Advokat Olav Sylte hevdar at Os kommune sitt vedtak om felling av knoppsvanehannen «Hamnesjefen» er ugyldig.

– Sjølv om det formelt ikkje er klagerett på vedtaket, betyr det ikkje at det er klageforbod, skriv han på advokatsylte.no.

Han skriv vidare at overordna instans kan oppheva eller omgjera vedtaket.

Så fortel han kvifor han meiner vedtaket er ulovleg:

Det fremgår av naturmangfoldloven § 18, andre ledd, at: «Vedtak etter første ledd bokstav a til f kan bare treffes hvis formålet ikke kan nås på annen tilfredsstillende måte.»

– Det framgår ikkje av vedtaket at omplassering er vurdert, dette gjer vedtaket ugyldig.

Les heile saka på advokasylte.no.

«Hamnesjefen»-saka:

• Eit knoppsvanepar har sidan 2011 hekka i Oselvo. Hannen har fått tilnamnet «Hamnesjefen».

• Hamnesjefen har vore i fleire konfrontasjonar med ungar i båt. Minst éin av dei ramla i sjøen, ein annan har køyrd i stolpen på Osbrua då han blei distrahert av svanen.

• Hamnesjefen gjekk fredag 30. juni til angrep på ei barnehagejente som vassa i Mobergsvika.

• Måndag 3. juli fatta Os kommune vedtak om felling, gyldig frå 23. juli og to veker fram (felling innan søndag 6. august).

• Fredag 21. juli sa Miljødirektoratet nei til eventuell flytting av svanen, måndag 24. juli, etter møte mellom Svanehjelpen i Os og Os kommune, blei effektuering av vedtaket sett på vent for å undersøkja om svana likevel kan flyttast.

• Måndag 31. juli demonstrerte 30 aktivistar framfor rådhuset mot fellingsvedtaket. Då blei det klart at landbrukssjefen har forlenga vedtaket med 14 dagar, altså til 20. august. Dette gir Svanehjelpen og Os kommune betre tid til å prøva å finna ny, eigna plass til svanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.