Aina Fagerthun har trent styrke sidan ungdomsskulealder. Laurdag debuterte ho i NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Aina debuterte med bronse i junior-NM

Matros og student Aina Fagerthun (22) på pallen i NM i bodyfitness. 

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag arrangerte Norwegian Bodubuilding & Fitness Federation NM i Oseberg kulturhus i Tønsberg.

Blant deltakarane i bodyfitness-klassen var debutant Aina Fagerthun frå Os.

– Eg har trent styrke sidan eg gjekk på ungdomsskulen. Å posera på ein scene var verkeleg eit steg ut av komfortsonen, men det gav meirsmak, fortel den sterke osingen.

Den siste helga i august var ho på scenen for første gong, i kvalifisering til NM på eit stemne i Sandefjord. I NM blei det medalje i juniorklassen.

– Du er junior ut det året du fyller 23, så eg kan delta i juniorklassen også i 2020.

På eige initiativ

Aina er del av Team LiveFit frå Bergen, og blir trent av Fredrik Sund og tidlegare noregsmeister Janne Krohn. Sjølv om ho synest debuten var både spennande og litt skummel, er det å delta i NM noko ho har valt heilt sjølv.

– Det er ikkje sånn at du gradvis har kome i form, for så å bli lokka av trenarkollegaer til å delta?

– Nei. Eg har vore fascinert av muskuløse menn og kvinner sidan eg var ungdom, og byrja å trena styrke i ungdomsskulealder. 

Aina deltar i bodyfitness, ikkje bodybuilding.

– I fitness er det ikkje om å gjera å bli størst mogleg, eller naudsynt med ekstremt låg fettprosent. Du skal sjå trent ut, men vi kvinner får halda på dei kvinnelege formene. Sjølv om vi kanskje ser litt ekstra muskuløse ut når vi strammer og poserer.

Mål om NM-gull

Det er ikkje berre det at deltakarane ser sterke ut, dei er sterke. Aina trener styrke 6-7 økter i veka, tunge basisøvingar, for å bygga musklar. I tilleg liker ho å løpa i fjellet.

– Det blir helst om sommaren eg køyrer kardiotrening i fjellet. No når eg har byrja å trena på Actic kjem eg nok til å byrja å svøma litt òg.

I konkurransen styrer dommarane første del. Deltakarane skal gjennom nokre obligatoriske poseringer. Så kjem ein sekvens på 20 sekund med eigenkoreografert posering. 

– Der gjorde eg det betre i Sandefjord enn i NM. Kanskje var 2. plassen innan rekkevidde, om eg hadde gjort det betre her. Uansett vil eg trena vidare, målet er NM-gull.

Julie Fredriksen frå Lillesand Atletklubb vann NM, Amanda Jensen frå Kaliber FKK fekk sølv.

Frå båt til biologi

Avgjerda om å debutera i NM i år tok ho då ho i sommar fekk fagbrev som matros.

– Mens eg var i lære på båt så blei det ikkje god nok tid til trening, men i sommar har eg fått prioritera annleis.

– Du har ikkje søkt jobb på båt?

– Nei. Eg ventar litt med matrosyrket, eg vil ikkje vera vekke frå venar og trening så lenge om gangen. No tar eg realfag for å studera biologi.

Fleire saker