Aina Tjosås har sagt seg opp
– Beklageleg, seier rådmann Christian F. Fotland.
Aina Tjosås har i dag sagt opp si stilling som kommunalsjef i Os kommune/Bjørnafjorden kommune.
– Eg beklager at Aina har levert oppseiinga. Ho har vore ein sentral bidragsyter i den kommunale leiinga, seier rådmann Christian F. Fotland i ei pressemelding i dag.
Aina Tjosås starta i Os kommune som plan- og utviklingssjef i 2013.
• Les òg: Fekk pris for effektuv reguleringsplanlegging
Ho blei seinare kommunalsjef for samfunnsutvikling.
• Les òg: Den komande toppleiinga i Bjørnafjorden kommune
– Det har vore ei spanande tid i Os kommune der vi gjennom tverrfagleg arbeid og på tvers av sektorar har jobba hardt for å legge til rette for gode kvardagsliv for osingane.
– Samstundes har det vore krevjande å stå i spennet mellom lokalpolitiske forventingar, statlege føringar og fagleg integritet. For min del er det difor tid for å gå vidare, men kor vegen går er framleis uvisst, seier Tjosås.
– Eg ønskjer Aina lykke til vidare, avsluttar Fotland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.