Aina Tjosås saman med dagleg leiar i ABO, Tommy I. Hansen.

Aina Tjosås i ny jobb

– Då vi fekk sjansen til å tilsetja Aina, oppretta vi ei ny stilling, fortel Tommy I. Hansen i ABO. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tidlegare kommunalsjef Aina Tjosås er tilsett som rådgjevar for areal- og samfunnsplanlegging i ABO Plan & Arkitektur AS.

- Eg er svært nøgd med at Tjosås takka ja til å byrja hos oss, seier dagleg leiar i ABO, Tommy I. Hansen.

– Vi kjenner ho som ein engasjert og entusiastisk person med stor fagleg breidde og høg arbeidskapasitet. Då vi fekk sjansen oppretta vi ei ny stilling spesielt for Aina.

Handlingsrommet mellom arkitektur og plan

I ABO skal Aina i hovudsak jobba med rådgjeving innanfor overordna planlegging mot offentleg og privat sektor, og handlingsrommet mellom arkitektur og plan.

– Aina har opparbeidd seg ein brei og god kompetanse som er svært interessant for oss. Med si erfaring frå både Husbanken og Os kommune ser vi for oss at ho kan bidra på fleire måtar innanfor våre satsingsområde, seier Hansen.

Tjosås er utdannet bygningsingeniør frå Bergen Ingeniørskole og har mastergrad i stadsutvikling frå Universitet i Tromsø.

ABO har over 30 år med erfaring innan arealplanlegging, arkitektur og byggeprosjekt til profesjonelle og private aktørar på Vestlandet. Selskapet er i dag ein leiande aktør innanfor fagområdena prosjektutvikling, arkitektur og plan.

Med Os kommune som kunde

ABO opplyser at løpende oppdrag for Os kommune blir handtert av andre enn Tjosås.

– Vi ser det som naturlig at det blir sånn, sidan Aina nyleg har avslutta sitt arbeidsforhold etter sju år i Os kommune.

Aina tiltrer stillingen cirka 1. oktober i år.

Fleire saker