– Akkurat no e' eg inne

#ValiOs15: Mens posisjonen samla seg på Solsiden var store delar av opposisjonen på Bar(t) for å følgja resultata - krins for krins.

Harald Lekven (t.h.) ligg, før personstemmene er tatt med, på 2. plass hos Os Sp og ligg an til plass i kommunestyret neste periode. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. sep. 2015 09:57

Bildeserie:

Så presenterte Midtsiden TV resultata frå nok ein krins. (Foto: KVB)
Store delar av opposisjonen var samla på Bar(t). (Foto: KVB)
Sandra Kristin Austgulen (Ap) venta spent på resultata frå Os vest. (Foto: KVB)
På Solsiden var det stor stemning i Frp-leiren. (Foto: KVB)
Hos Høyre var det meir dempa. (Foto: KVB)
Så presenterte Midtsiden TV resultata frå nok ein krins. (Foto: KVB)
Store delar av opposisjonen var samla på Bar(t). (Foto: KVB)
1 av 5
Store delar av opposisjonen var samla på Bar(t). (Foto: KVB)
Sandra Kristin Austgulen (Ap) venta spent på resultata frå Os vest. (Foto: KVB)
På Solsiden var det stor stemning i Frp-leiren. (Foto: KVB)
Hos Høyre var det meir dempa. (Foto: KVB)
Så presenterte Midtsiden TV resultata frå nok ein krins. (Foto: KVB)

Etter ei lang valnatt utover måndagkvelden, der det blei venta særleg lenge på resultata frå Nore Neset, viser førebels resultat eit framleis blått fleirtal.

Frp ligg an til å auka med eitt mandat, Høyre mister to, men dei har samla sett 18 av 35 sete i kommunestyret.

MdG får for første gong plass i Os kommunestyre med heile 2 mandat, Sp aukar frå 1 til 2 mens TvS mister 2.

Sjå førebels resultat og krins for krins. Midtsiden TV sendte direkte, her kan du sjå opptak av nesten 4 timar med direktesending frå rådhuset.

– Ventar på Os vest

Mens TvS hadde vake på Bjørnefjorden Gjestetun hadde Frp og Høyre samla seg på Solsiden. Dei andre partia følgte valnatta på Bar(t).

– Vi gler oss over Høyre sin tilbakegang og MdG sin framgang, sjølv om Ap ikkje er så grøn som AUF, seier Sandra Kristin Austgulen (Ap).

– No ventar eg spent på resultata frå min eigen heimkrins, Os vest, sa Sandra Kristin då Midtsiden var på ein kort tur på to av vakene midt i eiga direktesending.

Frå Os vest blei det framgang for Ap, men berre opp 0,7 til 22,1 %.

Spent i Sp

På Bar(t) var også Senterparti godt representert. Sp gjorde eit godt val og ligg an til å auka frå 1 til 2 mandat.

– Samla sett ser det ikkje så bra ut for oss i opposisjon, men vi gler oss over eigen framgang. Til no har vi hatt framgang i alle krinsar utanom éin, så akkurat no e' eg inne, seier Harald Lekven på 2. plass på Os Sp si liste.

Os Sp sto i ro i Os vest og gjekk tilbake i Lysekloster og Hegglandsdalen, men hadde framgang i dei sju andre krinsane og gjekk opp frå 3,3 til 4,3 % samla sett.

To fløyar på Solsiden

På Solsiden såg det ut til å vera eit lite skilje i både partitilknyting og stemning.

Til høgre på uterestauranten sat Frp, høglytt og i godt humør, til venstre sat Høyre, litt meir dempa.

– Det ser ikkje bra ut på fylkesnivå, heller, fortvilte Olav Kvinge (H).

Os Høyre kan likevel gle seg over at dei framleis ligg over 2007-resultatet og at samarbeidspartnar sidan 1999, Frp, går fram.

– Her har det vore god stemning heilt sidan Brann-kampen. Vi er veldig nøgd med resultata frå dei krinsane vi har fått inn til no, seier Tore Kleppe (Frp).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.