Lokal | 31. aug. 2012

Aktiv frivillig

Trygg i Os: Samfunnet vårt er avhengig av dei frivillige eldsjelene, og behovet vil auka i framtida.

Aktiv frivillig
Grete Byrkjeland (t.v.) og dagleg leiar i Os Frivilligsentral, Tove Hille. (Foto: Laila Marie Reiertsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2012 08:09

Tekst og foto: Laila Marie Reiertsen.

I Stortingsmelding 39 (2006-2007) Frivillighet for alle illustrerer generalsekretær Anne Lise Ryel behovet på ein god måte:

”Vårt samfunn kan beskrives ved hjelp av en fjøskrakk! På same måte som krakken holdes oppe av tre bein, hviler vårt samfunn på tre pilarer: offentlig, privat og frivillig sektor. Alle er selvstendige og unike, men avhengig av de øvrige to: Tar du bort ett bein, raser det hele sammen.”

Denne utviklinga og dette behovet blir enda større i framtida. Samfunnet må opna alle dører slik at frivillige kan ta del i oppgåver på ein god måte. Til det beste for alle partar.

I Os kan vi gleda oss over at vi har Os har frivilligsentral. Dagleg leiar Tove Hille har vore med frå starten i 2007.

– Frivilligsentralen har hatt ei jamn auke og utvikling. I dag tel staben cirka 70 frivillige, fortel Hille.

Dei fleste frivillige ønskjer å delta i prosjekt. Dette fordi dei då er saman med fleire . Og det har ein start og ein ende.

– Det er viktig at dei frivillige har fridom til å styre sin eiga tid. Difor kan vi ikkje vere avhengig av at alle er på plass til eikvart tid.

Tove må organisera oppdraga at ein alltid har litt å gå på når det gjeld personar.

Hagehjelp og besøksven til menn er utfordrande

Dei frivillige tar på seg mange oppgåver. Men det er vanskeleg å få nokon til å hjelpa til med hagearbeid.

– Besøksvener til menn skulle vi gjerne også hatt fleire av, seier Tove Hille.

Aktivitetskoordinator til stor hjelp

Samarbeid med ulike lag og organisasjonar er av stor betyding for at dei ulike oppgåvene skal løysast. I tillegg blei tilsettinga av aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland eit ekstra løft for å få endå meir aktivitet og samarbeid inn i eit godt driv.

I dag er Tove og Grete nesten som hand i hanske. Tove som har med alle aldersgrupper i kommunen å gjere og Grete som tar seg mest av dei eldre og deira aktivitetstilbod.

Samarbeid med fleire

Prosjektet ”kommunar i dans med frivillig innsats” blei i 2011 oppretta av Fylkesmannen i Hordaland.

Der blei seks kommunar, inklusive Os, invitert til å søkja om å vera med. Ei tverrfagleg, motivert og engasjert gruppe på 12 personar blei sett ned. Prosjektet er meint å vara fram til oktober 2012.

Nyttig for Os kommune

Kommunen har fått stor nytte av prosjektet. Dei har fått gratis kompetanseutvikling og tiltaket profilerer kommunen sitt arbeid med å engasjera innbyggjarane sitt medborgarskap og engasjement.

Nettverk på tvers blir også viktig for framtida, noko dette prosjektet har ført til.

Kommunen vil også kunna fungera som ein ressurskommune i det vidare arbeidet. Ei handbok der vellykka metodar og modellar skal formast av fylkeskommunen når prosjektet er over.

Her skal alle dei involverte kommunane få koma med sine erfaringar. Der det vil vera stor bredde i innhaldet. Boka er ifølgje rådgjevar Beate Helland hos Fylkesmannen tenkt ferdigstilt i mars 2013.

Trygg i Os

Forutan ein drøss av aktivitetar, som besøksteneste, trillegrupper, dans på Lurane, hobbygrupper, turgrupper og livsglede-aktivitetar, for å nemna nokre, har vi arrangementet Trygg i Os, som går av stabelen måndag 10. september.

Her er det utdelt over hundre billettar allereie, men det er plass til ein del til.

– Dette er ein viktig møteplass for å få ut informasjon om dei ulike tenestene Os kommune kan tilby til seniorar. Programmet blir også krydra med musikk og servering. Så vil tida visa om dette blir eit årleg arrangement.

Personavhengig

Grete og Tove er to kvinner som tydeleg har eit stort engasjement for det dei driv med. Men kva om ein av dei blir sjuk?

– Det er faktisk noko vi har snakka litt om.

Og Tove fekk sjølv oppleva å bli råka av ein skade som sette ho ut av spel ein periode. Men då tok dei andre frivillige ansvar. Og i dagens dataverden er det godt å ha system som andre og kan styra etter. Nett i slike tilfeller er dette viktig. Dei har og godt samarbeid i kommunen for slike utfordringar.

Os er komen langt

Tove er ofte på samlingar med andre Frivilligsentralar, både i fylket og elles i landet.

– Eg merkar at vi har kome langt med dette arbeidet i Os, blant anna fordi det er kort veg til avgjerd i ulike saker. Det er også mykje positivitet i rådhuset og vi finn løysingar raskt.

Når det gjeld aktivitetskoordinatoren har denne vore ein suksess. Når ein ser alle tilboda til dei eldre på blant anna Lurane skjøner vi at det blei tatt eit rett steg i eldreomsorga i 2008.

Midtsiden takkar for intervjuet i det desse to kvinnene hastar vidare til dans for eldre på Luranetunet onsdag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.