Sport | 06. okt. 2019

Albert og Nora tildelt pris frå Kurt Monsens minnefond

Davy Wathne delte ut pris under 100-årsmarkering og heimekamp på Kuventræ.

Albert og Nora tildelt pris frå Kurt Monsens minnefond
Vilde H. Kristiansen tok imot pris for broren Albert (innfelt), Nora Blindheim Nøss til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. okt. 2019 09:25

Kurt Monsen gav 100.000 kroner til Os Turn i eit fond der avkastinga går til unge fotballtalent med gode haldningar.

I går blei det delt ut 2.500 kroner til Nora Blindheim Nøss, som fyller 14 år i haust, og Albert Haugland Kristiansen (18).

Dommar og aspirant til damelandslaget

Nora speler for både gutelag, eldre jentelag og kretslaget - og blei tatt ut til begge utgåvane av Equinor Talentleir, steget før landslaget, i vår.

«Ho har ei herleg blanding av teknikk, raske tyngdeoverføringer og energi i spelet sitt. Ho er uredd og går knallhardt til i alle duellar, sjølv om motstandar gjerne er både eitt og to hovud høgare», skriv juryen.

«Albert er aktiv på nasjonalt nivå som assistentdommar i både Toppserien for damer og Post Nord-ligaen for herrar. I tillegg til eiga karriere som dommar har han tatt på seg vervet som dommaransvarleg i Os Fotball, ein jobb han utfører på ein fabelaktig måte» skriv juryen.

Så vidt Midtsiden kjenner til er Albert den første dommaren som får stipend frå Kurt Monsens minnefond.

Tidlegare vinnarar

I fjor var det Leif Simen Mjånes og Vilde Drange Veglo som fekk støtte frå Kurt Monsens minnefond. Desse blei tildelt under den store fotballgallaen i Oseana.

Under gallaen i 2014 var det Guro Drange Veglo og Lars Erik Lunde som fekk prisen, i 2013 gjekk den til Fredrik Heggland og Simen Lassen.

Davy Wathne delte ut prisen

Prisane blei delte ut av Davy Wathne, som var på Kuventræ som del av markering av fotballgruppa sitt 100-årsjubileum, med seremoni for sponsorar og inviterte gjestar i klubbhuset før kamp.

Albert var ikkje på Kuventræ i går, men søstera Vilde, som òg har vore aktiv for jente- og damelaget, tok imot prisen.

Det var Barnas Dag på Kuventræ i går, ein gratis aktivitetsdag for dei yngste, og fri entré til Os-Fjøra, som dessverre for heimelaget endte med tap. Prisen blei delt ut i pausen på kampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.