Lokal | 08. des. 2020

Alle gode ting er tre forsøk i Vognhallen

Utstillinga til Ranveig Barstad har allereie blitt utsett to gongar - i kveld opnar endeleg utstillinga.

Alle gode ting er tre forsøk i Vognhallen
Ranveig Barstad - ein fargerik kunstnar med fargerike bilde. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh.)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 08. des. 2020 08:43

I kveld opnar den fargerike kunstnaren Ranveig Barstad soloutstilling i Vognhallen.

Utstillinga har grunna koronpandemien blitt utsett to gongar denne hausten, men no er Barstad altså klar.

Ranveig Barstad har drive med kunst i over 20 år, og har tidlegare hatt utstilling i Galleri Oz.
Barstad har vore med på fleire internasjonale utstillingar, hatt fleire solo-utstillingar, og ho har òg hatt fleire utsmykningsoppdrag.
Før ho tok kunstutdanning jobba Barstad i reklamebransjen.

Med Munch til inspirasjon

I desse dagar jobbar Barstad berre med «Moderne Aquareller» i atelieret sitt i Møllendalsveien i Bergen.

Barstad fortel at ho er gift med ein auststlending, og i det ligg det at det er naturleg å ha ei hytte på austlandet.

Sommerhalvåret blir nytta på hytta i Åsgårdstrand.

– I ein periode av livet sitt heldt Munch til same området, og i bilde som «På stranden» og «Livets dans» har eg lete meg inspirera av Munch, fortel Barstad.

Snart klar for utstilling, på tredje forsøket. (Foto: KOG)
Snart klar for utstilling, på tredje forsøket. (Foto: KOG)

Opnar med Abba - sluttar med Lucia

Under kveldens vernissage blir det musikk av «ABBA», og utstillinga blir opna av Tom L. Pedersen.

Utstillinga står fram til Lucia-dagen, 13. desember.

Barstad vil sjølv vera tilstades alle dagane utstillinga er open.

«Moderne Aquarell» fra Ranveig Barstad. (Foto: KOG)
«Moderne Aquarell» fra Ranveig Barstad. (Foto: KOG)









Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.