Næringsliv | 06. mai 2009

Alle mann i arbeid

I mars sendte Alutec AS for første gong tilsette ut i permisjon. I april kom oppturen.

Alle mann i arbeid
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mai 2009 11:27

Bildeserie:

1 av 2

Det byrja å gå nedover i november, og i mars sendte stillas- og bryggeprodusenten Alutec AS 5 av dei tilsette ut i permisjon. I tillegg gjekk dei ned til eit snitt på 50 prosent stilling i administrasjonen.

- Permitteringa skulle vara til 10. mai, men vi har no i to puljer kalla alle tilbake. Éin er sjukmeldt og éin hadde funne seg ny jobb, så vi har måtta leiga inn arbeidskraft for å halda produksjonen stor nok, seier Espen Aspenes.

Ikkje skrinlagt
I mars såg Aspenes-brørne at det byrja å snu, i april har det tatt av.

- Eg har snakka med fleire store entreprenørselskap, og dei fortel at dei har starta på prosjekt som i haust blei skrinlagt. Låg rente har sendt fleire på vising, og vi har allereie fått ein optimisme som også påverkar vårt sal.

På offensiven med nye brygger
Alutec har nytta dei rolege månadane godt. Flytebryggene, som tidlegare var ei lita varegruppe, har blitt friska opp med ny design og styrkja med betre løysingar. I tillegg har dei trappa opp marknadsføringa, både med auka annonsering og nye heimesider.

- Bryggene kjem kanskje til å gå frå å utgjera marginal del av omsetnaden til å koma opp på rundt 20 prosent. Frå vi presenterte dei på båtmessa i februar har vi selt for rundt 1,3 millionar kroner i flytebrygger.

100% opp på fire år
På fire år, frå 2003 til 2007, dobla Alutec sin årslege omsetnad. Dette var ikkje ei uvikling Aspenes-brørne trudde ville halda fram.

- Det kostar å auka, og vi har ikkje ambisjonar om å bli så mykje større enn vi er no. Men det er kjekt å sjå at vi er tilbake på normalnivå, om ikkje heilt på høgde med 2007 og starten på 2008, seier Knut Jarle.

- Men det skal bli spennande å sjå om vi held dette nivået framover. I så fall har vi kome oss fint gjennom finanskrisa, seier Espen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.