Lokal | 23. apr. 2017

Alle vil feira 70-åringen

MS Midthordland fyller 70 år i år. Kommunane Samnanger, Fusa, Tysnes og Os vil ha cruise for å feira «Dronninga av Bjørnafjorden».

Alle vil feira 70-åringen
MS Midthordland, her på «bluescruise» ved Ytterøy under Osøren Blues og Jazzestival, skal går fleire turar frå Os i sommar, men ikkje under Osfest. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. apr. 2017 08:23

MS Midthordland blei bygd ved AS Stord i 1947 og gjekk 23 år som fjordbuss. Etter å ha segla under svensk flagg som MS Midland frå 1971 til 1975, og engelsk som MS St Lucy 11 år til 1987, kom skuta tilbake til Noreg, og i 1994 frå Oslo til Vestlandet. Båten fekk status som verneverdig av Riksantikvaren i 1995.

Folk frå Os, Tysnes og Fusa står bak Det Midthordlandske Dampskibsseskab (MDS), som sidan 1996 har eigd Midthordland, og dei vil markera 70-årsdagen.

– Vi tenkte vi kunne setja opp nokre opne turar i fleire av kommunane rundt fjorden. For at ikkje MDS skulle ta på seg for mykje risiko, så eg sendte søknad om pengestøtte til fire kommunar, seier medeigar i MDS, Helge Andersen.

Alle kommunane, Os, Tysnes, Fusa og Samnanger, har innvilga 20.000 kroner kvar.

Dato bestemt for fleire kommunar

MDS vil no setja opp opne cruise i alle kommunane, der kommunane sjølv kan koma med ønskje om tidspunkt og opplegg. Det kan òg bli meir enn eitt cruise, når båten først er i området.

– Os har førebels ikkje kome med ønskje, og dato er ikkje sett, men planen er klar hos nokre av dei andre.

Fredag 2. juni skal MS Midthordland til Fusa, både for å ta eit cruise med skuleungdom, og for å køyra cruise frå Eikelandsosen via Fusa, Vinnes og Strandvik til Kjell Elvis-konsert på Baldersheim.

Laurdag 3. juni går turen til Samnanger, der det er sett opp to cruise under Tyssedagen.

– Det var veldig kjekt at Samnanger òg var med. Vi har ikkje vore der inne med Midthordland etter vi overtok som eigarar, seier Helge.

Helge Andersen var, saman med blant andre Sigvard Madsen, Arne Halhjem og brørne Espen og Knut Jarle Aspenes, blant 10 innbyggarar i Os, Tysnes og Fusa som i 2008 overtok eigarskapen av MDS og MS Midthordland.

Til Kari Bremnes i Rosendal i juli

Cruise med MS Midthordland er, for første gong, ikkje del av Osfest-programmet i år. Men det er fleire cruise med avgang frå Os enn det kommunen skal setja opp denne sommaren.

– Vi hadde litt nedgang i fjor, vi merker litt til oljekrisa vi òg.

– Men sommaren ser så langt ganske bra ut, og vi har dessutan sett opp litt fleire turar i eigen regi.

Kari Bremnes har konsert på Baroniet i Rosendal 26. juli. I samband med denne konserten har MDS sett opp cruise frå Os via Våge, Malkenes og Onarheim til Rosendal og tilbake.

– Det blir rekebord på turen, som startar klokka 15. Vi bruker tre timar nedover og går tilbake etter konserten, med ankomst Os klokka 01.00.

Fleire saker om MS Midthordland:
MDS lager ny tur til MODS i Stavanger (2017)
MS Midthordland merker oljekrisa (2016)
Dronninga blei ny (2010)
Ferjekontrakt til MDS (2010)
Båt med eigen låt (2009)
På grunn i Lysefjorden (2009)

Her er noko av det Maritime Tours, som sel turar for MDS, skriv om MS Midthordland:

Bjørnefjordens dronning - en fullrestaurert veteran
MS Midthordland er en verdig representant for en type båt som var vanlig for en liten mannsalder siden: Fjordbussen.
Det var litt av et syn da armadaen av grå og svarte fjordabåter hver lørdags ettermiddag sto samlet ut Vågen, fullastet med varer og folk, og konkurrerte om å komme først ut i Byfjorden! Nå står Midthordland alene tilbake som den siste av sitt slag. Til gjengjeld er hun som ny, fullrestaurert og klar for nye oppdrag.

Teknisk informasjon
Lengde: 125,6 fot
Bredde: 19,8 fot
Dybde: 7,2 fot
Skrog: Krysserhekk i stål
Hovedmaskin: 6syl. 2tev Wichmann 6AD dieselmotor
Ytelse: 400 bhk
Tonnasje: 182 brt
Kapasitet: 147 passasjerar

Tidlegare namn
1947-1971 Midthordland
1971-1971 Midland
1971-1975 Marina
1975-1976 Midland
1976-1987 St. Lucy
1987-1994 Sunrise II
1994-i dag Midthordland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.