Kultur | 01. aug. 2020

Allsang på grensen: Eirik Søfteland er blant kveldens artistar

Deler scene med Wenche Myhre på Fredriksten Festning.

Allsang på grensen: Eirik Søfteland er blant kveldens artistar
Eirik, her ved flygelet under ein av tre konsertar i Oseana i sommar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. aug. 2020 09:49

I år er det ein alternativ sesong av Allsang på Grensen, som har gått på TV 2 sidan 2007. Sesong 14 er med redusert publikumsmengde, og i kveld er det tid for sommarens sjette av sju episodar.

I episode 1 var Freddy Kalas, Bettan & Anita, Åge Aleksandersen og TIX på scenen. I kveld får vi sjå Eirik Strønen Søftekland frå Os.

Eirik, som hadde tre konsertar i Oseana i sommar (sjå video og bildeserie), har tidlegare både deltatt og vore gjesteprogramleiar i Allsang på grensen.

I kveld skal han dela scene med El Papi, Sandra Lyng, Keiino, Marion Ravn, Karoline Krüger, Bølgen, Wenche Myhre og
Rein Alexander.

Episoden blei spelt inn 22. juli.

«Allsang på grensen» hyllar norske artistar og norsk musikk. Årets sesong er flytta til ein meir intim del av Fredriksten Festning i Halden, der sangglade familiar er årets publikum.

Programleiarar er Katrine Moholt og Stian «Staysman» Thorbjørnsen. Sendinga startar klokka 20.

I neste og siste episode er det desse artistane som skal på scenen: Staysmann & Lazz, Aleksander Rybak, Tone Damli, Stavangerkameratene, Gaute Ormåsen og Marie Klåpbakken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.