Sport | 08. okt. 2019

– Alltid like kjekt med handballskule

13 år på rad: I desse dagar er 65 ungar og 15 vaksne i full aktivitet i Os idrettspark.

– Alltid like kjekt med handballskule
Denne veka arrangerer Os Turn handballskule for born mellom 6 og 11 år. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 08. okt. 2019 19:02

Bildeserie:

Handballskulen handlar sjølvsagt mest om handball. (Foto: KOG)
Handballskulen handlar sjølvsagt mest om handball. (Foto: KOG)
Men det skal òg vera mykje leik, fortel arrangørane. (Foto: KOG)
Men det skal òg vera mykje leik, fortel arrangørane. (Foto: KOG)
Handballskule - hausten 2019. (Foto: KOG)
Handballskule - hausten 2019. (Foto: KOG)
Å skyta på mål stod på programmet i dag. (Foto: KOG)
Å skyta på mål stod på programmet i dag. (Foto: KOG)
Med god hjelp frå flinke instruktørar. (Foto: KOG)
Med god hjelp frå flinke instruktørar. (Foto: KOG)
Full konsentrasjon ... (Foto: KOG)

– Eg er klar! (Foto: KOG)
– Eg er klar! (Foto: KOG)
Klar-ferdig-kast! (Foto: KOG)
Klar-ferdig-kast! (Foto: KOG)
Sofie Evensen (midten) var på handballskule i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sofie Evensen (midten) var på handballskule i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I år er ho med som instruktør. (Foto: KOG)
I år er ho med som instruktør. (Foto: KOG)
Og smilet sit laust. (Foto: KOG)
Og smilet sit laust. (Foto: KOG)
Glade handball-spelarar. (Foto: KOG)
Glade handball-spelarar. (Foto: KOG)
Handballskule - hausten 2019. (Foto: KOG)
Handballskule - hausten 2019. (Foto: KOG)
Mat må til - i dag var det fiskeburgar på menyen.  (Foto: KOG)
Mat må til - i dag var det fiskeburgar på menyen. (Foto: KOG)
Mona Stigen Heggeland slår av ein prat med ein av dei unge deltakarane. (Foto: KOG)
Mona Stigen Heggeland slår av ein prat med ein av dei unge deltakarane. (Foto: KOG)
1 av 18

I 2007 var første gong Os Turn arrangerte handballskule i Oshallen, då med 50 deltakarar og Gjensidigestiftelsen som hovudsponsor.

I år er Rema 1000 hovudsponsor, og det er framleis «kø ut døra» for å få vera med.

Måtte utvida

Mona Stigen Heggeland er ein av instruktørane på handballskulen.

– Vi hadde sete ei maksgrense på 60 ungar, men så vart det jo 65 då. Dei smilte jo så ekstra fint, og då var det berre å triksa inn dei fem ekstra, seier Heggeland.

– Os Idrettspark hjelpte oss med å få låna ein hall til, og då fekk vi fordelt ungane betre utover.

I tillegg til dei 65 ungane i alderen 6 til 11 år, er det om lag 15 ungdomar og vaksne i sving i tre heile dagar.

– Vi har med oss fleire unge spelarar som instruktørar, og så har vi jo eit knippe eldsjeler som styrer kjøkenet. Ungane får både varm-mat og frukt alle dei tre dagane, så det er ganske mykje logistikk utanfor banen òg.

Skal vera både rekruttering - og gøy

Mona fortel at handballskulen skal vera både ein rekrutterings-arena og dagar med leik og moro.

– Vi har både ungar som til vanleg speler handball, og andre som gjer dette for første gong med oss denne veka.

– Det er veldig kjekt å sjå at vi rekk ut til så mange, og ikkje minst at vi ser at det kjem ungar frå alle krinsane i Os.

Fordelinga gutar/jenter på handballskulen ligg på om lag 70/30, fortel Mona.

– Vi skulle gjerne ha sett fleire gutar her, men samstundes må ikkje gløyma kor bra guttehandballdagen er for rekrutteringa på gute-sida.

Samarbeider med FyllingenBergen til vinteren

I vinterferien til neste år er det klart for ein ny runde med handballskulen. Då skal Os Turn samarbeida med FyllingenBergen.

– FyllingenBergen vil stilla med instruktørar, og vi ser verkeleg fram til dette samarbeidet. Vi vil då auka kapasiteten til 75 plassar, legg ho til.

Mona seier òg at Os Turn denne hausten vil starta opp med spesialtreningar på fredagane.

– Dette skal vera eit ekstra tilbod til dei som speler handball, og her vil vi spissa treningane på både aldersgrupper og dei ulike posisjonane på handballbanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.