Lokal | 12. sep. 2012

Alt klart for bygdekino

Kinostarten i haust har vore forseinka medan Oseanasalen har fått nytt golv.

Alt klart for bygdekino
Jakob Oftebro (Torstein) og Tobias Santelman (Knut) i KON-TIKI. Foto/Copyright: Carl Christian Raabe / Nordisk Film Distribusjon AS
Kari M. Lyssandonsdag 12. sep. 2012 10:00

Frå midten av august til starten på september har Oseanasalen vore stengt på grunn av at det skulle leggjast nytt golv.

I helga skulle det vore kinovisning, men den blei flytta på grunn av Henrik Lyssand-jubileet.

Av den grunn har Bygdekinoen si første visning i Oseana laurdag 15. september.

– Frå og med søndag 23. september er Bygdekinoen inne på si faste rute, altså annakvar søndag i partalsveker, seier Janne Mari Hjelle frå Oseana.

Madagaskar 3

Æra av å opna haustens bygdekino er det gjengen frå Madagaskar som har fått.

Etter å ha rømt frå dyrehagen i første film og vore skipsbrotne i Madagaskar 2, prøver løva Alex, sjiraffen Melman, flodhesten Gloria og sebraen Marty no i Madagaskar 3 å koma seg heim til New York.

Vi følgjer dei på kryss og tvers gjennom Europa der dei finn det perfekte skalkesjul - eit omreisande sirkus.

Kon-Tiki

Det har vore stor merksend rundt den neste filmen på programmet.

Kon-Tiki sette opningsrekord då filmen hadde premiere 24. august, med over 164.000 besøkande den første helga.

Det har blitt jeve gode kritikkar, med terningkast 5 i både VG og Dagbladet.

"Kon-Tiki" er, som mange veit, filmen om Thor Heyerdal sin ekspedisjon på ei balsaflåte frå Peru til Polynesia. Heyerdal ville besvise at Polynesia var befolka frå Sør-Amerika, stikk i strid med det etablerte vitskapsmiljøet sin teori om migrasjon frå Asia.

I 1947 la han ut på ekspedisjonen på flåten Kon-Tiki, og 101 dagar seinare gjekk dei i land på øya Raroia i Tuamoto-arkipelet.

Det var ein eventyrleg og farefull ferd for mannskapet på fem som ikkje kjente kvarandre før ekspedisjonen.

Berre ein av dei kunne segla, og Thor Heyerdal hadde både vannskrekk og kunne ikkje symja!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.