Lokal | 17. okt. 2019

– Alternativet kan bli svært dyrt

Forbod frå 1. januar: Frank Tøsdal og Thomas Olsen har fjerna rundt 50 parafintankar.

– Alternativet kan bli svært dyrt
Stødig på labben: Frank Tøsdal (t.v.) og Thomas Olsen må vera varsame når gamle tankar skal fjernast frå hagane i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. okt. 2019 20:11

Bildeserie:

Stikk det ein sånn opp av plenen din?
Stikk det ein sånn opp av plenen din?
Då bør nokon kanskje heisa ei smidig gravemaskin på plass.
Då bør nokon kanskje heisa ei smidig gravemaskin på plass.
For å grava fram og løfta vekk tanken.
For å grava fram og løfta vekk tanken.
Tanken blir levert til godkjent mottak. I retur får du sertifikat notert på gards- og bruksnummeret ditt.
Tanken blir levert til godkjent mottak. I retur får du sertifikat notert på gards- og bruksnummeret ditt.
Så er det berre å dekka til og rulla ut plen.
Så er det berre å dekka til og rulla ut plen.
1 av 5
Stikk det ein sånn opp av plenen din?
Då bør nokon kanskje heisa ei smidig gravemaskin på plass.
For å grava fram og løfta vekk tanken.
Tanken blir levert til godkjent mottak. I retur får du sertifikat notert på gards- og bruksnummeret ditt.
Så er det berre å dekka til og rulla ut plen.

Frank Tøsdal har jobba i andre tankar, Thomas Olsen har jobba i djupe tankar. No er dei saman om oppløftande tankar, og fjerning av gamle, forureinande tankar.

Nei, vi snakkar ikkje om kurs i sjølvhjelp, Frank og Thomas er mest opptatt av å hjelpa andre med problemfulle tankar.

Forbod frå 2020

I 2017 innførte regjeringa forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bustadar. Forbodet trer i kraft 1. januar 2020, og no når det nærmar seg stopp har fleire huseigarar byrja å visa interesse for å rydda vekk gamle rør og nedgravde parafintankar. Enkelte har og, eller vil få, påleg om å fjerna tanken sin.

– Tankane er på frå 800 til 3000 liter, i stål eller glasfiber. Ståltankar som blei gravd ned på 60- og 70-talet vil få lekkasje kor tid som helst. Viss ikkje dei allereie er hol i. Men også glasfibertankar ryker før eller seinare, seier Frank Tøsdal.

Opp gjennom åra har han fjerna nærmare 50 parafintankar, dei siste månadane har han og Thomas Olsen fjerna 5-6 tankar.

– Vi reknar med at det auka på, fokus i rikspressen har fått folk til å skjøna risikoen med å ha tankane liggande nedgravd i hagen.

Ansvar og kostnad

Frå 1950 til 1980 var det vanleg å bruka olje til oppvarming av bustad, anten som hovudkjelde eller til ekstra kapasitet dei kaldaste månadane. Staten reknar med at det framleis ligg rundt 300.000 tankar nedgravde i norske hagar.

Normal levetid på desse er 30 år, og éin liten parafin eller annan mineralolje er nok til å forureina 1.000.000 liter grunnvatn, ifølgje energiverket.no.

– Det har vore skrive mykje om korleis dette er huseigar sitt ansvar, og at det er sjeldan at forsikringsselskapet dekker kostnadane ved ein eventuell lekkasje.

Ikkje berre riskikerer du omfattande masseutskifting, ein lekkasje kan skapa så omfattande forureining hos både deg og naboen at bygningar må rivast.

– Det er jo worst case, men du veit aldri. Fleire av tankane vi har fjerna har hatt mange liter parafin sjølv om huseigar trudde den var tom.

Smidig tungvektar

Tøsdal og Olsen har kvar sine firma, men har dei siste åra jobba saman med ulike entreprenøroppdrag. Saman har dei åtte gravemaskiner, frå dei minste til dei største.

– Vi forstår at kundane er redde for hagane sine, men vi bruker ikkje større maskin enn naudsynt. Vi kan òg ta med oss ferdigplen for å stella til hagen igjen etter fjerning.

– Når tanken skal gravast fram, må vi vera varsame. Det skal lite til for at den blir skadd. Det har gått fint til no, men arbeidet vårt er naturlegvis forsikra, seier Olsen.

– Ville heller fjerna enn å fylla

Kirsten Kjærrgård, som bur i huset, seier ho er letta over at tanken no er fjerna.

– Vi fekk merknad då brannvesenet var på inspeksjon, og eg har tenkt lenge at det var på tide å gjera noko, fortel Kirsten.

Eit alternativ, spesielt for tankar som ligg vanskeleg til, er å få eit firma til å reinsa den, for så å fylla den med, for eksempelm pukk.

– Eg vurderte det òg, men ville ikkja lata tanken ligga i plenen. Neste eigar av huset vil kanskje endra på hagen, då er det ikkje kjekt å møta på ein fylt, gamal tank. Det var godt å få den fjerna, no har eg godt samvit.

Viktig å få det registrert

Etter fjerning blir tanken levert hos Oljeservice AS i Bergen.

– Dei registrerer innleveringa, sånn at fjerning av tank blir registrert på gards- og bruksnummeret ditt. Dette sertifikatet er viktig, fjernar du tanken utan å få dette regisrert, kan du få pålegg om fjerning etter at det er gjennomført.

– Men om tanken din i si tid blei installert utan at dette er registrert, vil du ikkje få pålegg. Du har naturlegvis det same ansvaret om tanken byrjar å lekka ein gong i framtida.

Brannvesenet har oversikt over registrerte private tankar i Os. Teknisk eining hos Os kommune har tatt dei fleste av kommunen sine vekk.

– Vi har éin igjen, ein tank frå 2001 på Luranetunet. Den skal fjernast neste år, i samband med at energianlegget skal skiftast, seier Dag Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.