Næringsliv | 04. feb. 2018

Alutec og Askeladden i go'stemning

Sjå bildeserie frå båtmessa Dra til sjøs!

Alutec og Askeladden i go'stemning
Espen Aspenes blei svolten då Askeladden-sjefen Henrik Askvik kom forbi Alutec-standen med mat søndag ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. feb. 2018 21:20

Bildeserie:

Sporty velkomst. (Foto: KVB)
Sporty velkomst. (Foto: KVB)
Per Helge Gaassand fortel om god respons på båtplassar i Askvik. (Foto: KVB)
Per Helge Gaassand fortel om god respons på båtplassar i Askvik. (Foto: KVB)
Erik Vågen har fleire forsikringskundar i Os. (Foto: KVB)
Erik Vågen har fleire forsikringskundar i Os. (Foto: KVB)
Nei, du får ikkje skilt på Maverick X3. (Foto: KVB)
Nei, du får ikkje skilt på Maverick X3. (Foto: KVB)
Nitro var eit anna blikkfang på messa. (Foto: KVB)
Nitro var eit anna blikkfang på messa. (Foto: KVB)
Askeladden viste nye P60 for første gong. (Foto: KVB)
Askeladden viste nye P60 for første gong. (Foto: KVB)
Og det nye flaggskipet C83, som dei òg har selt første eksemplar av. (Foto: KVB)
Og det nye flaggskipet C83, som dei òg har selt første eksemplar av. (Foto: KVB)
Kai Paulsberg snuste på ein C65 Bow Rider. (Foto: KVB)
Kai Paulsberg snuste på ein C65 Bow Rider. (Foto: KVB)
Nimbus hadde òg noko nytt å by på. (Foto: KVB)
Nimbus hadde òg noko nytt å by på. (Foto: KVB)
Skilsø 39 Panorama fekk mykje merksemd. (Foto: KVB)
Skilsø 39 Panorama fekk mykje merksemd. (Foto: KVB)
Éinmannsubåt. (Foto: KVB)
Éinmannsubåt. (Foto: KVB)
Motor Drange. (Foto: KVB)
Motor Drange. (Foto: KVB)
Om du vil sitja på baugen å fiska. (Foto: KVB)
Om du vil sitja på baugen å fiska. (Foto: KVB)
Nyvinning frå Alutec. (Foto: KVB)
Nyvinning frå Alutec. (Foto: KVB)
Som om ikkje føtene lukta vondt nok frå før ... (Foto: KVB)
Som om ikkje føtene lukta vondt nok frå før ... (Foto: KVB)
1 av 15

Frå torsdag til søndag har årets båtmesse i Bergen, Dra til Sjøs, for tredje år på rad blitt arrangert i Sotra Arena og i fotballhallen i Straume idrettspark.

Mens den doble handballhallen stort sett var fylt med utstyrs- og tenesteleverandørar, sto båtar, vannskuterar og bryggeleverandørar og produsentar plasserte i den store fotballhallen.

– Messa er fullteikna, trass utviding med 1200 kvadratmeter. I år har vi nærmare 150 båtar utstilte på 10.000 kvadratmeter under tak, seier Dan Christensen frå Sotra Sportsklubb til eigen messeavis.

Båtplass og forsikring

Blant utstillarane var fleire firma frå Os, båt og bryggeseljarane Askeladden, Alutec og Motor Drange - og nykomar Os Invest, som sel og leiger ut bryggeplass i Askvik brygge.

– Vi har fått over 10 interessentar på bryggeplassar her på messa. Nett no har vi 7 ledige for leige eller kjøp, seier Per Helge Gaassand.

Hos Fender Marine sto osingen Erik Vågen og selte sjøforsikring.

– Vi tilbyr forskring av både fritidsbåtar og yrkesbåtar, og har fleire kundar frå Os frå før. Messa har vore ganske bra, seier Vågen.

Nysatsing av Alutec

Jamax-bryggene frå Alutec har vore i marknaden lenge, men selskapet er klart størst på stillas.

– Vi har lenge tenkt at potensialet for bryggene vår er større, og i august fekk vi for første gong inn ein seljar som utelukkande skal marknadsføra bryggene våre, seier Espen Aspenes.

Øyvind Pedersen sto på stand og viste blant anna ein heilt ny leider som kan funkera som redningsstige på brygger og i større marinaer.

– Vi fekk den akkurat klar til messa. Med leider integrert i pontongen på utriggar, og med éin sånn på kvar fjerde eller femte utriggar i større marinaer, har du maks 20 meter å svømma om du ramlar uti. Det klarer du sjølv om det er kaldt i vatnet.

Aspenes seier messa framleis er ein viktig arena, både mot privatmarknaden og for å treffa representantar for båtforeningar og andre som vil ha større bryggeanlegg.

– Vi har dessutan samarbeidsavtale med Valen Marina og Marinegruppen, som sel betongbrygger med våre utriggarar.

Så kom Askeladden-sjef Henrik Askvik forbi med middag i nevane og det blei munter tone om å få smaka av godsakene. På tampen av siste messedag er det viktig å halda blodsukkeret oppe.

Første flaggskip er selt

På Askeladden sin stand såg det ut til å vera hakket høgare trafikk enn hos fleire andre.

– Med skyfri himmel ute blir det kanskje litt færre besøk enn i fjor, men vi har greit med besøk og sal, og gler oss veldig over at vi i helga har selt den første av det nye flaggskipet Askeladden C83, fortel Askvik.

Han var på messa i Gøteborg fredag, før han kom heim til Vestlandet.

– Både i Gøteborg og her på Sotra selte vi ein C83 laurdag. Med denne båten har vi tatt ut det optimale av kva du kan få av storleik og eigenskapar i ein båt med påhengsmotor. Med 350 hk, som no er einaste motoralternativ vi sel, får du ein veldig innhaldsrik båt som samtidig går i 45 knop.

Finsk og amerikansk suksess på Drange

Motor Drange stilte ut med sju ulike båtar, i hovudsak av finske XO og amerikanske Bayliner.

– Det har vore bra sal. Vi har selt to av råskinnet XO 200, som har selt veldig godt sidan lanseringa i fjor.

• Les òg: Arne og Arne med røff utstilling på Sotra

– Størst interesse denne helga har det likevel vore for Bayliner.

Ein av baylinerane er ein open fiskebåt med stol på baugen. Frå stolen kan du, ved hjelp av ein liten elmotor i baugen og eit sett med pedalar, styra båten mens du sit og fiskar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.