Sport | 05. aug. 2016

Amalie i omskyting

Høgdramatiske juniorfinaler under landsskytterstemnet . På feltskytinga måtte Amalie Evensen ut i omskyting om 3. plassen.

Amalie i omskyting
Amalie Evensen hadde 12 treff, men måtte likevel sjå seg slått i omskytinga med 9 mot 10 innertreff (skjermskot frå LS Web-TV)
Andris Hamrefredag 05. aug. 2016 09:33

Torsdag var det banefinaler, kor Amalie skaut 98 poeng og enda totalt på 347 poeng i ein finale med særs mykje god skyting.

Heile 34 skytterar i dei tre finalelaga fylte blinken med 10 treff og 100 poeng. Så jamnt var det at det var innertreffa som blei avgjerande, heller ikkje der klarte ein å skille dei to i tet som måtte ut i heile tre (!) omskytingar før juniormeisteren på 100 meter bane blei kåra.

Ut i omskyting

Under fredagens feltfinaler blei det minst like spennende. Amalie fylte blinken med 12 treff, 10 av dei innertreff, noko som held til omskyting mot Sivert Sve frå Stranda i kamp om 3. plassen. Vinnar blei Julie Kruhaug frå Bjerkvik, som satte 12 av 12 skot i den indre blinken.

I omskytinga starta Amalie og Sivert jamnt før Amalie får to yttertreff på dei seks kneståande skota. Sivert klarer seg med berre eitt, men får eit yttertreff først av dei to i den liggande serien. Diverre blir det fjerde og sjette skotet på liggserien til Amalie også yttertreff og ho måtte sjå seg slått med ein innertreff i omskytinga. Likevel ein sterk 4. plass på skyttertalentet frå Os.

Sterke rekruttar

Tidlegare fredag morgon var rekruttane Sofia Dale og Maren Evensen i sving under deira feltfinale. Sofia skyt seg inn til ein flott 39. plass, medan Maren fyller for andre gang blinken med 12 treff, tre av dei som innerblink. Det held til ein sterk 12. plass for lillesøster Evensen.

Dei to har framleis ein sesong igjen i rekuttklassa og fekk med dette nyttige erfaringar i det å ligge i ei finale.

Os skyttarlag har framleis to skyttarar som skal ut i finale. Reidar Dahle og Steinar Eidsvik skyt feltfinale klokka 15.30 i ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.