Sport | 18. jan. 2020

Amanda skal hjelpa Os å unngå nedrykk

Trond Budal styrkar stallen med erfaren 2. divisjonsspelar.

Amanda skal hjelpa Os å unngå nedrykk
Amanda Kristin Holthe (midten) blir lånt ut frå Årstad til Os ut sesongen. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. jan. 2020 08:51

Etter generasjonsskifte sommaren 2018 og nedrykk våren 2019 blei damelaget til Os endå yngre før årets sesong.

Men dei unge jentene har klart seg bra i fleire kampar, har to lag bak seg på tabellen, og har spesielt lykkast med den eigendesigna angrepsstilen med tre strekspelarar (!).

Rett før jul fekk hovudtrenar Trond Budal signert ny keeper, Siri Eide Børtveit frå Årstad (opprinneleg frå Stord), torsdag blei låneavtale ut mars i boks med Amanada Kristin Holthe.

– Amanda har bakgrunn frå NTG på Lillehammer og spelte på Gneist då ho kom heim frå Austlandet. Dei siste sesongane har ho spelt for Årstad, der ho blant anna var sentral i opprykket til 2. divisjon for nokre år sidan.

Motiverande situasjon i ny heimbygd

Amanda sjølv fortel at ho dessverre var sentral då opprykket glapp med eitt mål året før.

– Det var så jamt i avdelinga at opprykket blei avgjort på målforskjell. Vi skåra målet vi trengte i siste sekund, men i same angrep fekk eg ein skade i hovudet, og målet blei ikkje teljande, seier Holthe og ler.

Kort reiseveg er blant årsakene til at ho ville til Os, Amanda bur no på Søfteland.

– I tillegg synest eg det er motiverande å koma inn på eit ungt lag og bidra, seier 28-åringen.

Tok leiinga over topplag - møter nytt topplag søndag

Amanda blir ikkje speleklar før rundt 1. februar. Det betyr at ho ikkje kan bidra når Os tar imot serieleiar Fyllingen 2 søndag (kl 17.40).

– I morgon treng vi eit like muntert og støttande publikum som i førre kamp, for Fyllingen 2 ser verkeleg ut til å vera i støtet. Dei slo nettopp Askøy 46-30, 76 mål på 60 mitt fortel litt om tempoet, seier Budal.

Samtidig hadde Os ein sterk kamp borte mot tabelltoar Bergen i førre runde.

Os hamna bak 8-3, men stengte igjen og slapp berre inn 2 mål på dei siste 16 minutta av første omgang. Det sto 12-10 til pause. Så gjekk Os opp i 14-14 og 16-17. Men i løpet av dei siste 17,5 minutta skåra dei berre eitt mål, og det blei tap 24-18.

– Siri hadde ein redningsprosent på 43 % og 38 % i dei to omgangane, noko som er veldig sterkt. I tillegg held Malene Massi Fagerthun og Stine Eide fram med å skåra, i denne kampen blei det 5 kvar, i tillegg til fleire andre som spelte bra og fekk nokre fine skåringar.

Mia Gabrielsen skåra 2, det same gjorde Emma Sælen Lyssand og Regine Sten. Charlotte Pettersen og Sofie Evensen skåra eitt kvar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.