Anders Grasdal slo hole-in-one
Den første sidan 2011 på Bjørnefjorden sitt par 4-hol.

Anders Grasdal, som i pinsen stakk av med førstpremien, ein tur til Tyrkia, i Belka Golf Nordic Open av stabelen hos Bjørnefjorden Golfklubb, sto måndag for ein ny bragd.
– Eg var eigentleg ferdig for dagen, etter ein runde med Magnus Engevik. Men så kom foreldra mine for å spela, og eg bestemte meg for å gå ein runde med dei òg, fortel Anders til Midtsiden.
Det kan løna seg å bruka litt tid saman med foreldra sine; på hol 12 (identisk med hol 3, sidan BJGK er ein 9-holsbane) blei det hole-in-one!
Arve Grasdal og Karin Heggland Grasdal blei vitne til sonen sin bragd.
Har berre skjedd éin gong før
– Dette er eit par 4-hol, noko som gjer prestasjonen endå meir imponerande, seier dagleg leiar Bjarte Wiberg.
Berre éin person har tidlegare klart hole-in-one på hol 3/12, etter at banen blei lagt om, og det er Lars Erik Løvaas i 2011.
No kjem Grasdal på «wall of fame» i klubbhuset igjen.
– Eg har tre hole-in-one frå før, to av dei er her oppe, fortel Anders, som i går spelte parturnering med Magnus i Golfhefte Trophy utan å koma høgt på resultatlista.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.