Kultur | 10. mars 2016

André Marton fekk rolle i Karsten og Petra

Det er 20 år sidan han var på den sida av kameraet, osingen André Marton Pedersen, som neste veke reiser til Budapest for innspeling.

André Marton fekk rolle i Karsten og Petra
André Marton jobbar i Bergen og Hordaland Turlag. No har han fått ei lita rolle i den nye filmen om Karsten og Petra (innfelt). (Foto: Privat/Cinenord Kidstory/Orbital Strangers)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. mars 2016 14:20

– Eg hadde vel ein av dei viktigaste replikkane i Syv søstre, då eg eg sa til hopptrenaren vår at «vi vil ikkje ha deg som trenar meir», seier André Marton og ler.

Pedersen, som blant anna har fartstid innan foto og klipp hos NRK, var fast statist i TV2 sin såpeserie De syv søstre på slutten av 90-talet.

Arne Lindtner Næss spelte hopptrenaren og den same Arne har regien på Karsten og Petra-filmane.

– Det blir kjekt å treffa Arne igjen. Det er ei som heiter Cindy, som eg spelte teater med i Bergen for mange år sidan, som fekk med seg at eg no jobbar for Bergen og Hordaland Turlag, og som spurde om eg kunne tenkja meg å spela ein som besøker ein barnehage for å fortelja om barn på tur og om fjellvettreglane.

Fekk hjelp av sine eigne born

André Marton måtte senda inn to klipp av seg sjølv. Han fekk eldstemann Bo (7) til å filma mens han fortalte om seg sjølv og den same Bo filma klipp to, der han skulle fortelja fjellvettreglane for dei to andre borna sine, Lyder (3) og Sune (5).

– Det blei fin kvalitet over det heile, med ein finger framfor linsa i periodar, litt ustødig kameraføring og to ungar som ikkje brydde seg om far som snakka om fjell. Ein av dei spurde til og med om det skulle bli krig, fortel Pedersen og ler.

Men klippa var gode nok, Pedersen fekk rolla og reiser i neste veke tre dagar til Budapest, der delar av innspelinga skjer.

Kvir seg til å synga

Karsten og Petra-filmane, og TV-seriane, er baserte på Tor Åge Bringsværd sine kjente barnebøker, illustrert av Anne G. Holt.

«Karsten og Petra – Ut på tur» er den femte filmen sidan 2013 og no er hovudrolleinnhavarane Elias Søvold Simonsen og Nora Amundsen blitt for gamle, og erstatta av Oliver Dahl (6) og Alba Ørbeck-Nilssen (5).

– Eg får ei lita rolle i filmen, men det blir nokre replikkar. Eg skal inn i ein barnehage og fortelja om friluftsliv.

– Det mest utfordrande blir nok å synga. Eg skal synga ei fjellvett-vise som eg har fått tilsendt teksten på. Eg er ikkje spesielt flink til å synga, men syng for ungane om kvelden og har førebels ikkje fått ville protestar, så eg får la det stå til.

Innspelinga starta 15. februar og filmen blir produsert av Dyveke Bjørkly Graver og Silje Hopland Eik, som er eigar av Cinenord. Det skal spelast inn 20 tv-episodar og ein film som får kinopremiere hausten 2017. No først er det fem veker i Budapest med innspeling av interiørscenene, blant anna frå barnehagen.

– Eg skal spela ein friluftsmann, så eg får vel berre vera meg sjølv. Det blir sikkert uansett nokre år til dei ringer frå Hollywood, seier André Marton og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.