Kultur | 21. aug. 2011

André vann Amanda

André Øvredal sin «Trolljegeren» stakk laurdag kveld av med Folkets Amanda.

André vann Amanda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. aug. 2011 06:37

Under The Norwegian International Film Festival i Haugesund var det i går tid for Amanda-show og prisutdeling.

Filmen «Trolljegeren», som osingen André Øvredal (38) har både manus og regi på, vann Folkets Amanda.

- I forhold til publikumstala er det ikkje så overraskande at vi vann Folkets Amanda, men eg synes det er utroleg bra at folk har stemt, at folk engasjerer seg for filmen i ein slik samanheng, sa Øvredal til VG.no etter prisutdelinga.

«Trolljegeren» vann i tillegg pris for beste visuelle effekter, ved Marcus B. Brodersen og Øystein Larsen. Filmen var også nominert til prisen for beste manus og beste mannlege skodespelar, men dei to prisane gjekk til Christopher Grøndahl for «Nokas» og Henrik Rafaelsen for «Sykt lykkelig».

Om to veker har Trolljegeren premiere på 70 kinoar i England.

Vinnarane av Amandaprisen 2011

Årets ærespris: Bjørn Floberg (63)
Folkets Amanda: «Trolljegeren»

Beste film: «Kongen av Bastøy»
Beste regi: Erik Skjoldbjærg for «Nokas»
Beste manus: Christopher Grøndahl, «Nokas»
Beste mannlege skodespelar: Henrik Rafaelsen, «Sykt lykkelig»
Beste kvinnelege skodespelar: Line Verndal, «Limbo»

Beste barnefilm: «Elias og jakten på havets gull»
Beste korfilm: «1994», regi: Kaveh Tehrani
Beste dokumentarfilm: «Reunion – Ten Years After the War»
Beste utanlandske kinofilm: «Another Year», regi: Mike Leigh

Beste kvinnelige birolle: Lena Endre, «Limbo»
Beste mannlege birolle: Trond Nilssen, «Kongen av Bastøy»
Beste foto: Manuel Alberto Claro, «Limbo
Beste produksjonsdesign/scenografi: Nils Sejer, «Limbo»
Beste visuelle effekter: Marcus B. Brodersen og Øystein Larsen, «Trolljegeren»
Beste musikk: Johan Söderqvist: «Kongen av Bastøy»
Beste klipp: Christoffer Heie: «Jørgen + Anne = sant»
Beste lyddesign: Hugo Ekornes, «Limbo»
Amanda-komiteens gullklapper: Celine Engebrigtsen og Kjersti Paulsen, castingagenter

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.