Sport | 13. okt. 2012

Andrelaget klar for kvalik

Lysekloster 2 avslutta serien med 14-1 på bortebane og er klar for kvalifiseringskampar om opprykk til 5. divisjon. Her er fleire resultat og oversikt over kampane i helga.

Andrelaget klar for kvalik
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 13. okt. 2012 08:26

Fredag kveld blei 6. divisjon avdeling 1 ferdigspelt.

Nore Neset spelte 3-3 borte mot Libido og hamna på 5. plass i årets serie.

Lysekloster 2 vann 14-1 borte over Ny-Krohnborg 2 og tok den viktige 2. plassen som gjer at dei no kan spela kvalifisering til opprykk.

– Vi leia 4-0 etter 20 minutt og 6-1 til pause.No er vi klare for å spela kvalifisering mot Mathopen borte 21. oktober og heime 28. oktober, fortel Ørjan Sandal.

SJÅ TABELL

Med opprykk til Lysekloster 2 blir det dobbelt opprykk for Sandal og Lysekloster i år. Førstelaget er klare for 3. divisjon i 2013.

Søfteland speler i 6 div avd 4 og har siste kamp i dag. Søfteland kan ikkje mista 3. plassen, og har magert håp om 2. plass, for Smørås 2 har 13 betre i målforskjell.

SJÅ TABELL

Viktig heimekamp for Os 2

Os speler borte mot Tertnes i dag, Lysekloster speler borte mot Telavåg og Søre Neset kjempar framleis om å halda seg i 5. divisjon når dei speler borte mot Rosendal.

Alle dei tre bortekampane startar klokka 15.00.

Os 2 kjempar om opprykk og speler heimekamp mot Lyngbø 2 søndag klokka 16.

Os vann bortekampen mot Lyngbø 4-0.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.