Sport | 15. apr. 2012

Andrelaget vann i serieopninga

I går blei det 3 poeng til A-laget, i dag tok eit ungt Os 2 ein fin bortesiger i 5. divisjon.

Andrelaget vann i serieopninga
Anders Kinden, her i treningskamp for A-laget mot Bergen Nord (der han også skåra), sette inn 2-0 til Os 2 i serieopninga. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. apr. 2012 20:29

– Dette var kjekt både for spelarane, for Frode Øye som har ansvar for juniorane og for klubben, som no har 6 av 6 poeng i serieopninga, null skadar og null gule kort, seier A-lagstrenar Tim Henrik Sperrevik.

Dagen etter 2-1-sigeren til Os over Bjarg på Kuventræ fekk han med seg kveldens serieopning på Halsnøy.

Halsnøy - Os 2: 2-3 (0-2)
Målskårarar, Os: Mats Lepsøe, Anders Kinden og Børge Borgen.

Os 2, som spelte i 3. divisjon i 2010, er no i 5. divisjon. Dagens motstandar skal vera eit av dei sterkare laga.

– Halsnøy spelte også i 3. divisjon for nokre år sidan, og var blant Os A-lag sine motstandarar for 6-7 år sidan. I vinter har dei slått fleire 4. divisjonslag og nokre av dei beste 5. divisjonslaga i treningskampar.

– Eg trur fleire lag skal få slita med å ta bortepoeng på graset til Halsnøy denne sesongen, spår Sperrevik.

Ung tropp

Os 2 reiste til Halsnøy med 4 seniorar og 8 juniorar og 1 gutespelar.

– Det er kjekt å sjå at Mats Lepsøe og Anders Kinden, som begge spelte heile kampen, er på veg tilbake i god form, seier Tim om to av dei tre målskårarane.

Dette var toppskåraren til Søre Neset i 2011, Anders Kinden, sitt første mål for Os sidan han sendte juniorlaget til Os opp til junior elite hausten 2007.

Den høge midtstopparen Børge Borgen gjorde som han har gjort for junor- og andrelaget før, skåra det avgjerande målet. Os 2 leia nemleg 2-0, men blei innhenta etter retur frå corner og på ein overgang.

Os 2: Frode Øvredal - John Ole Johannessen, Bjarte Halhjem, Børge Borgen, Glenn Krossøy - Ørjan Glesnes, Steffen Ludvigsen, Håkon Kvittingen, Even Olsen - Anders Kinden, Mats Lepsøe.

Innbytarar med speletid: Espen Borgen og Thomas Mjelva

I serieopninga tok Fusa fredag ein fin 2-1-siger over Rosendal heime.

Søre Neset, som også speler i same avdeling som Os 2, opnar serien med heimekamp mot Olsvik måndag klokka 19.30.

Sjå fleire resultat i oppsett/tabell for 5. divisjon avdeling 3.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.