Lokal | 13. des. 2012

Ankar ikkje dommen

Drapssaka: Den dømde 19 åringen ankar ikkje dommen på 19 års fengsel.

Ankar ikkje dommen
Forsvarar Rolf Knudsen fortel torsdag morgon at klienten hans ikkje vil anka dommen på 19 år for drapet og voldtekten av Hilda Feste (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 13. des. 2012 09:00

19 åringen sin forsvarar Rolf Kundsen fortel til NRK Hordaland torsdag morgon at 19-åringen har bestemt seg for ikkje å anka dommen frå Nordhordland Tingrett på 19 års fengsel. Dermed gjekk det som dei pårørande hadde håpa om at dei no kan prøva å legga saka bak seg.

- Han har brukt tida godt og fått råd i frå oss. Dette er hans val, sier Knudsen til NRK.

Vil ta utdanning

Ein viktig grunn for at 19-åringen ikkje ankar er at tingretten fann grunnlag for å setja dommen til 19 år i staden for 21, som aktor kravde.

- Han er no innstilt på å bruka tida i fengselet til å få seg ei utdanning.

Aktor ville vurdera

Statsadvokaten har framleis tid på seg for å avgjera om dei vil anka straffeutmålinga.

- Det er ein grundig dom tingretten har fatta, sa aktor Gert Johan Krydsby då dommen fell tysdag 4. desember.

Han ville vurdera om han meinte straffeutmålinga var for lav, i og med at dommen blei to år kortare enn han ba om, og gje si innstilling til statsadvokaten.

Om statsadvokaten igjen vil be om 21 års fengsel er førebels ikkje avgjort, men det er lite truleg det kjem ei anke frå Statsadvokaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.