Sport | 20. jan. 2018

Anna har signert med Byåsen

– Etter tre år i Stavanger er eg klar for noko nytt. Men eg speler for Sola ut sesongen, seier Bjørke Kallestad.

Anna har signert med Byåsen
Etter tre sesongar for Sola går Anna Bjørke Kallestad til sølvvinnarane frå 2016, Byåsen i Trondheim. (Foto: Sola-hk.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. jan. 2018 14:57

Anna Bjørke Kallestad, som fyller 22 år i mai i år, har signert treårskontrakt med eliteserielaget Byåsen.

– Eg speler ut sesongen for Sola, og skal faktisk møta Byåsen borte i serien, men flyttar til Trondheim til sommaren, seier Anna til Midtsiden.

• Thorir Heirgeirsson: – Ho er ein typisk skyttar

– Det var ikkje enkelt å gå frå Sola, eg har hatt det heilt fantastisk her, men samtidig er eg klar for noko nytt. Byåsen er dessutan ein klubb som både har ei spennande historie og som satsar veldig hardt. Eg er glad for tilliten og tilbodet.

Byåsen har vunne eliteserien/Grundigligaen fleire gongar, blant anna i 1996 og 1998. I 2016 blei det sølv.

Legg til rette for meir trening

Den svært talentfulle venstrehendte handballspelaren frå Os har studert på fulltid mens ho har spelt for Sola.

• Les òg: Anna til eliteserien (2015)

– Eg er ferdig med bachelorgrad i petroleumsteknikk, og vil jobba med å få tatt masteroppgåve ved NTNU i Trondheim. Det betyr at eg no blir deltidsstudent, og kan få endå betre tid til trening.

– Men det er sportslege årsaker til at eg takka ja til tilbodet, ikkje studiene, legg ho til.

Anna har intrykk av at Byåsen driv veldig profesjonelt, og har eit godt sportsleg tilbod for fulltidsutøvarar.

– Det passar meg bra. Eg ønskjer å utvikla meg vidare som spelar, både bakover og framover på banen. Det blir spennande å sjå korleis ekstra trening vil slå ut.

– Sesongen vi no er inne i har ikkje vore heilt optimal for min del. Eg sto i haust over 4 av 10 kampar grunna ryggskade, og i kampane eg har spelt har det ikkje blitt fullt så mykje tillit som eg hadde håpa på.

– Eg reiser ikkje til Byåsen utan tru på at eg kan kjempa om plassen på høgreback, eg reiser for å bli ein betre spelar og for å bidra for laget!

I skrivande stund ligg Byåsen på 4. plass på tabellen, Sola ligg på 7. plass.

• Les òg: Intervju med Anna på byaasen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.