Sport | 15. juni 2016

Anna klar for VM

Tidlegare Os-spelar Anna Bjørke Kallestad (20) er teke ut til junior-VM i handball. – Ho har eit veldig bra skot, fortel landslagstrenar Tore Johannessen.

Anna klar for VM
Anna Bjørke Kallestad, her under EM i fjor, er blant spelarane i den norske troppen til junior-VM i handball (foto: EM-arrangørane)
Andris Hamreonsdag 15. juni 2016 11:37

Onsdag offentleggjorde landslagstrenarane Tore Johannessen og Jeanette Nilsen troppen dei tek med seg til junior-VM i Moskva 3.-15. juli.

Blant dei 16 spelarane er tidlegare Os-spelar, no Sola-spelar, Anna Bjørke Kallestad.

– Anna har vore inne i gruppa heilt frå 96-landslaget starta. I 2013 spelte ho med dei antatt nest beste, men har dei tre siste åra teke steget opp og vore med i dei meisterskapa vi har spelt, fortel Johannessen.

Ein av to høgrebackar

Anna Bjørke Kallestad er ein av to høgrebackar landslagsleiinga tek med seg til Moskva.

– Ho har hatt ei lita skadeperiode så vi var litt usikre på ho, men no ser det bra ut.

– Det er først og framst skotet hennar som gjer at vi tek ho med. Ho har eit veldig bra skot og har utvikla seg jamnt og trutt dei siste åra. Framleis har ho ein veg å gå i høve det å leva i spelet og gå i duellane, men også på det området har ho biltt betre. Ho har eit betre temposkifte i duellane no enn tidlegare, analyserar trenaren.

Vil gjera det betre enn tidlegare

Juniorjentene har ein 6. plass frå EM i fjor som si beste plassering.

– Vi hadde ei fin stigning fram mot EM i fjor, og var nok litt skuffa over at vi ikkje tok oss til ein semifinale. Allereie etter EM byrja vi å sjå eitt år fram mot årets VM. Vi var veldig samde då på at vi ville freiste å gå for ei betre plassering enn vi klarte i EM.

– No har vi nokre skader på spelarar eg gjerne skulle hatt med, så det blir spennande å sjå kor langt vi kan nå. Uansett har vi eit godt lag, slår Tore Johannessen fast.

Anna Bjørke Kallestad står registrert med 52 kampar og 72 mål for Noreg. Noreg møter Montenegro, Danmark, Angola, Ungarn og Uzbekistan i dei innleiande kampane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.