Anna Bjørke Kallestad for 3 år sidan i NM-kamp mot Sola. Kampen då Sola-trenar Knut Ove Joa først la merke til ho (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Anna Bjørke Kallestad for 3 år sidan i NM-kamp mot Sola. Kampen då Sola-trenar Knut Ove Joa først la merke til ho (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Anna til eliteserien

Blei oppdaga i Oshallen. Anna Bjørke Kallestad blir eliteseriespelar i håndball. Håper på EM-spel med juniorlandslaget.

Andris Hamre
24. mai 2015 - 10:05

Tidlegare denne veka blei det kjend at osingen Anna Bjørke Kallestad som dei siste sesongane har spelt i 1. divisjon for Viking TIF i Bergen går til nyopprykka Sola og Grundigligaen-spel kommande sesong.

– Eg hadde lyst på nye utfordringar og har snakka ein god del med Sola sin trenar, Knut Ove Joa.

– Då eg fekk tilbodet frå dei var det berre å takka ja, fortel Kallestad på telefon frå landslagssamling i Sandefjord.

Oppdaga i Oshallen

Sola har mangla ein venstrehendt høgre bakspelar, posisjonen Kallestad innhar.

– Vi har mangla ein venstrehendt høgre bakspiller, og den spelaren er Anna. Vi har fulgt henne lenge. Eg såg henne spele allereie i 2012, og la merke til at ho har mange kvaliteter.

– Anna har ein god skuddarm, og har bra tempo i spelet sitt. Dette er ein viktig signering for oss, seier Knut Ove Joa til RA.

Kampen Joa refererar til er truleg då Sola vitja Os i 2. runde i NM hausten 2012. Ein kamp kor Anna Bjørke Kallestad markerte seg i Osdrakta.

Trur på tillit

Sjølv om om kjem ny inn i stallen har Bjørke Kallestad tru på at ho vil få tillit.

– Eg føler allereie at eg har tillit, men viktigast er at eg trur eg kjem til å utvikla meg vidare i Sola.

– Dei er jo nyopprykka til Grundigligaen, så eg har spelt mot dei eit par gonger i årets sesong.

– Dei har ein spelestil som liknar mykje på Tertnes sin, med mange krysningar og eit tempo som eg liker og som eg trur passar meg bra, fortel Kallestad Bjørke, som òg skal ha vore aktuell for Tertnes.

Godt inntrykk

Etter fleire treningsopphald hos Sola sit Bjørke Kallestad med eit godt inntrykk av klubben og lagvenninnene.

– Det er ein super gjeng, som eg gler meg til å bli betre kjend med og ein del av.

– Kva skal du gjera ved siden av handballen?

– Eg skal studera på Universitetet i Stavanger. Om det blir siviløkonom eller ingeniør er ikkje klart enno, fortel ungjenta som fylte 19 år i går.

Med 100 topptrenarar på tribuna

Bjørke Kallestad er i pinsen i Sandefjord på samling med juniorlandslaget og topptrenerseminar.

– Her er vi utøverapperat på topphåndballseminaret.

– Det er litt rart å trene med 100 topptrenarar som sit og ser på for å læra.

– Heldigvis er det trenaren og ikkje oss spelarar dei skal sjå meste på, ler ho på telefonen.

Håper på EM-deltaking

Topphåndballseminaret er ein del av førebuingane til EM i Spania i månadsskiftet juli/august. Eit EM kor Bjørke Kallestad var ein viktig del av laget då dei kvalifiserte seg.

– Eg har jo vore med heile vegen, så det er klart eg håper på plass i EM-troppen, avsluttar Bjørke Kallestad.

Noreg møter Portugal, Spania og Hviterussland i gruppespelet i EM, som går i Valencia 23. juli til 2. august.

Les meir om

Sport Handball Os dame