Sport | 12. juli 2013

Anna til ungdoms-OL

Anna Bjørke Kallestad (17), som frå hausten skiftar klubb, reiser i morgon til Nederland for å delta i ungdoms-OL i handball.

Anna til ungdoms-OL
Anna, som skiftar klubb frå Os til Viking (1. divisjon), reiser laurdag til ungdoms-OL i Nederland. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juli 2013 09:14

Stortalentet Anna Bjørke Kallestad blei i juni tatt ut til ungdoms-OL i Utrecht i Nederland.

– Eg blei utruleg glad og gler meg veldig. Eva (Kristiansen, red mrk), som deltok i ungdoms-OL for to år sidan, har fortalt mykje positivt om opplevinga, seier Anna til Midtsiden.

I dag er ho på precamp på Olympiatoppen, etter retur frå ei veke ferie i Frankrike.

– Her blir det informasjonsmøte, foredrag og trening i kveld og morgontrening laurdag før avreise, fortel Anna.

Berre éin kamp frå før

Frå før har Anna berre spelt éin offisiell kamp for Noreg, då ho i fjor var i Frankrike med U-landslaget.

– Då var eg uheldig og knekte ei tå, så det blei berre éin kamp på meg.

– Men i vinter spelte eg to treningskampar mot Sverige og eg har vore på fleire samlingar i vår. Eg kjenner mange av dei 14 andre spelarane eg reiser med og det er ein veldig fin gjeng som eg ser fram til å reisa på tur med.

Startar måndag

I ungdoms-OL skal Noreg møta Tyskland, Nederland og Tjekkia i innleiande rundar måndag, tysdag og onsdag.

– Landslaget er delt i to, der førstelaget speler EM og resten reiser til ungdoms-OL. Fleire som er med til Nederland har vore på førstelaget før, så eg trur vi stiller sterkt, men er spent på matchinga og korleis vi klarer oss i desse kampane.

Hardtjobbande talent

Anna er høg og har, trass i at ho er høgrehendt, ein svært god venstrearm.

Men ho har ifølgje Os-trenar Erlend Lyssand ikkje berre fått ting gratis.

– Anna har ein enorm disiplin, og trener mykje og ho trener målretta og hardt, ofte oppe i 10 økter i veka, seier Lyssand.

Går til Viking

Osingen Anna får truleg god erfaring frå ungdoms-OL, men ho er ikkje ein spelar Os Turn får nytte av til hausten.

Anna går nemleg opp ein divisjon og skiftar klubb til Viking, som kom på 8. plass i 1. divisjon i vår, plassen bak Fana.

– Sjølv om vi gjerne skulle hatt Anna på laget er det heilt naturleg at dei største talenta finn auka matching på høgare nivå.

– Vi i Os er stolte over Anna og å ha fått fram endå ein god spelar. Vi ønskjer ho lykke til både i OL og i 1. divisjon, seier Erlend Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.