Anna vann kalvekåringa

Bildeserie: Kalvesjå, vêrsjå, ordførarhøns på bingo, fårikålmiddag og landbrukssjefens eiga havsalt. Bondens dag bydde på mykje.

Anna frå Kuven viste fram den finaste kalven (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 30. sep. 2017 16:09

Bildeserie:

Bondelaget serverte fårikål med lam frå Moberg (foto: AH)
Dommarane vurderte vêrlama på grusbanen (foto: AH)
Spente eigarar venta på dommen (foto: AH)
Kor mykje denne oksen vog kunne folk tippa på (foto: AH)
Mange ville testa traktorane (foto: AH)
Grisane grov på Kyrkjeflaten (foto: AH)
Veterantraktorar utstilt på Kyrkjeflaten (foto: AH)
Nyare modellar sto utstilt i Landboden (foto: AH)
Anna stilte i bunad då ho skulle visa kalv 1287 (foto: AH)
Kalvesjå (foto: AH)
Kalvesjå (foto: AH)
Landbrukssjefen sitt havsalt frå Bjørnafjorden (foto: AH)
Populære traktorar i Landboden (foto: AH)
Hønene til ordførar Marie Bruarøy stilte i hønsedrite-bingoen (foto: AH)
Ordføraren freista å lokka hønene til å skita (foto: AH)
Bondelaget serverte fårikål med lam frå Moberg (foto: AH)
Dommarane vurderte vêrlama på grusbanen (foto: AH)
1 av 15

Laurdag feira Os bondelag 150 årsjubileet med det største Bondens dag gjennom tidene. I år var både grusbanen ved ungdomsskulen og heile Landboden teke i bruk for å husa utstillarar og dyr.

På grusbanen gjekk kyndige dommarar rundt og skulle kåra årets vêrlam basert på gitte kriterier som ekstriør, ull og vekt.

På kyrkjeflaten var det ope gard med grisar som grav seg neste ut av innheigninga, høner og kalver.

Vann i bunad

Tradisjonen tru skulle lokale kalvar konkurrera i kalvesjå ført i ringen av unge handlarar.

– Vinnaren er Anna med kalv 1287 frå Kuven, kunne arrangørane annonsera etter bedømminga. Anna stilte ikkje berre med den beste kalven, men også i bunad, noko som fall i god jord hos tilskodarane.

Ordførarhønene ville ikkje drite

Like tradisjonell er hønsedritebingoen kor ein kan tippa på kva rute hønene vel å legga avføringa si i.

Ordførar Marie Bruarøy stilte med dei fire hønene, Popkorn, Maisi, Kylling og Nuggets som deltakar, men hadde nok vore tilbakehaldne med foret for skitinga lot venta på seg.

Lam frå Moberg

Som eit stunt i samband med bondens dag satte bondelaget i vår poteter i kasser i sentrum og planta kål. Laurdag skulle osingane får ta del i resultatet då det blei servert fårikålmiddag i sentrum.

– Vi har levert lam frå Moberg. Totalt har vi stilt med 80 kilo kjøt som Silja Døsen Moberg i Osøyro Kolonial har laga fårikålen av, fortalde Erlend Moberg.

Salt frå Bjørnafjorden

I samband med det store Bjørnafjorden måltidet har landbrukssjef Øystein Svalheim produsert særs kortreist salt. Laurdag kunne osingane få kjøpa salt frå Bjørnafjorden.

Havsaltet er produsert frå vatn henta midt mellom Lauvholmen, Skjerholmen og Jøtlandsskjeret sør for Halhjem. Dette vart henta i 25 liters reine vindunkar og forose i ein fryseboks i tre dagar før vatnet blei helt over i ei stlgryte og kokt inn på låg varme til krystallar vart danna. Desse vart fiska ut med fiskespade og lagt til tørking på steikebrett i steikeovnen, forklarte Svalheim i produktdatabladet. I tillegg hadde den nevenyttige landbrukssjefen spikka små saltskjer frå eineremne levert av Oselvarverkstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.