Kultur | 10. aug. 2012

Annie og FleskFia

Haustprogrammet på Oseana tek form og også ungane får sitt. - Her kjem både barneheimsungane i Annie og kua FleskFia.

Annie og FleskFia
Musikalen "Annie" og framsyninga "Frå ei kus dagbok" er to av tilboda til born denne hausten. (Fotomontasje: Annie frå filmplakaten (Colombia Pictures)/Pressebilete, Krabatane)
Andris Hamrefredag 10. aug. 2012 08:21

Er du av dei som byrjar plystre på "It's a hard knock life" berre du høyrer ordet Annie?

Då er det berre å gle seg. 26. og 27. oktober kjem Musikalhuset på Florvåg med den klassiske musikalen om barneheimsjenta som får ein ny sjanse når ho flyttar inn hos multimilliardæren Oliver Warbucks.

- Vi gler oss til å få Annie og dei andre ungane på besøk, smiler Janne Mari Hjelle på Oseana.

Verdssukess

Musikalen hadde si premiere på Broadway allereie i 1977 og spelte sammenhengande i seks år, noko som då var rekord for Alvin Theatre.

Etter premiera i New York har musikalen gått sin seiersgong over heile verda. I Noreg blei musikalen for alvor kjend då den blei spelt på Bryggeteateret i Oslo i 1991 med Maria Haukås Storeng (no Mittet) i hovudrolla som den litt rampete, men sjarmerande raudtoppen.

Handlinga er lagt til det harde 30-talet, noko den mest kjende sangen "Tomorrow ("I morgon") gjev eit vakkert bilete på. Musikalen blei i 1982 filmatisert.

Framsyninga til Musikalhuset har premiere 6. oktober, før dei vitjar kulturhuset i Fana og Oseana.

Opnar hausten

Det er ungane som skal få lov til å starte haustprogrammet på Oseana.

- 1. september kjem teatergruppa "Kabatane" med framsyninga "Frå ei kus dagbok".

- Dei har vitja oss tidlegare med forestillingane "Mjau" og "Lys i lampen" og vi gler oss til å få dei tilbake på besøk, seier Hjelle.

Underhaldande om viktige tema

Framsyninga handlar om kua Fia, eller FleskFia som bonden kallar henne.

Fia står i fjøsen og kjedar seg. Kvar dag er lik, mjølking, foring og måking. Fia står på den same plassen kvar dag, det same gjer Den Svarte og Dagros. Ute regnar det stort sett, og Fia står inne.

Men FleskFia er inga vanleg ku!

Fia tenkjer, drøymer, kjempar - og stikk av! Ute på eventyr opplev Fia mykje nytt og spennande. Ho badar, et is, går på restaurant og talar til og med kyrne si sak i FN!

- "Frå ei kus dagbok" tek opp eit alvorleg tema på ein fin og underhaldande måte for borna. Vi har nok mat, men vi veit ingenting om kor den kjem frå eller korleis den er laga, forklarar kulturhusverten.

Framsyninga fekk strålande kritikker i BT då den hadde premiere i 2008.

- Ta med ungane til ei musikalsk og underhaldande stund på Oseana, oppfordrar Janne Mari Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.