Lokal | 10. sep. 2015

Ap og MdG mest fram

Meiningsmåling: Ap, MDG og SP går mest fram, Høgre, TvS og KrF mest tilbake på BT og Midtsiden sitt ferske partibarometer.

Ap og MdG mest fram
Slik er fordelinga mellom partia i meiningsmålinga Respons har gjennomført på vegne av BT i samarbeid med Midtsiden (ill: Midtsiden/AH)
Andris Hamretorsdag 10. sep. 2015 12:48

Bildeserie:

Om målinga blir valresultat vil kommunestyret sjå slik ut (ill: Midtsiden/AH)
Om målinga blir valresultat vil kommunestyret sjå slik ut (ill: Midtsiden/AH)
1 av 1
Om målinga blir valresultat vil kommunestyret sjå slik ut (ill: Midtsiden/AH)

Respons Analyse gjennomførte i perioden 3. - 7. september 2015 ei meiningsmåling på vegne av BT i samarbeid med Midtsiden.

601 osingar har blitt intervjua på telefon og stilt spørsmåla «Om det var kommuneval i morgon, kva parti ville du då stemt på?».

To til MDG

Ikkje overraskande er MdG i vinden om dagen og går fram heile 5,0 prosentpoeng samanlikna med kommunevalet i 2011.

Det gjer at dei, om valresultatet blir likt som målinga, får inn to representantar i kommunestyret.

Ap tek eitt mandat

Det største oposisjonspartiet, Arbeiderpartiet, har markert seg i valkampen med å tydeleg peika på kva dei meiner er feil i situasjonen med det noverande Frp- og Høgre-styret. Det kan sjå ut til å ha betalt seg.

På Midtsiden si måling går Ap fram 1,8 prosentpoeng til 21,2 (19,4 i 2011) og får 8 mandat (eitt opp frå 2011) i kommunestyret om dette blir valresultatet.

SP fire røyster unna ekstra mandat

Ap er òg det partiet som ligg nærast å mista det mandatet dei får i denne målinga. Om Sp får fire fleire røyster, eller Ap mistar 17 røyster blir det ei endring i samansetninga.

Det tyder på at ingenting er avgjort. Får Sp fire fleire, er det dei som får den 35. og siste stolen i kommuenstyret.

Tre parti mistar ein plass

Både Høgre, TvS og KrF går tilbake på Midtsiden si meiningsmåling.

Det gjer at alle tre partia mister éin plass kvar i kommunestyret om dei ikkje klarar å mobilisera veljarane dei siste dagane før 14. september.

Også Frp og Venstre går tilbake i denne målinga, men ingen av dei nok til å mista sete i kommunestyresalen.

MDG på vippen

Blir denne målinga lik valresultatet og Frp og Høgre held fram med samarbeidet, så er det mykje som tyder på at Terje Søviknes (Frp) framleis vil vera ordførar i Os.

MEN det er framleis mykje som kan skje. Dei to posisjonspartia har no inne 18 representantar mot oposisjonen sine 15 og MDG sine 2.

MdG har sagt at dei vil vera blokkuavhengige og stemma frå sak til sak for å få gjennom mest mogleg av sin politikk. Det gjer at dei fort kan hamna på vippen, både i einskilde saker og når ordføraren skal veljast.

Målinga har ein feilmargin som varierer mellom 2 og 4 prosentpoeng. Dei største partia har dei største feilmarginane.

Ingenting er med andre ord avgjort, og di stemme kan bli avgjerande.

Partibarometer for Os

Målinga er tatt opp i perioden 3. - 7. september 2015. I tabellen nedanfor kan du sjå målinga opp mot kommunevalet i 2011 og stortingsvalet i 2013. Kolonna for endring syner forskjellen mellom valet i 2011 og målinga.

Parti Kom.val 2011 Stort.val 2013 Måling sept 2015 Endring Raudt 0.3 0.5 -
SV 1.8 3.2 1.2 -0.6 Ap 19.4 20.2 21.2 1.8 Sp 3.3 4.3 4.2 0.9 MDG 1.0 3.0 6.0 5.0 V 5.3 5.6 4.9 -0.4 KrF 5.3 6.7 4.1 -1.2 H 16.0 33.6 13.7 -2.3 Frp 37.7 21.6 37.1 -0.6 TvS 9.8 - 7.6 -2.2 Andre 0.0 1.3 -

Kommunestyremandata i Os

Om valresultatet blir likt denne målinga vil Os kommunestyre sjå slik ut dei komande fire åra.

Parti Kom.val 2011 Måling sept 2015 Endring Raudt 0 0
SV 0 0
Ap 7 8 1 Sp 1 1
MDG 0 2 2 V 2 2
KrF 2 1 -1 H 6 5 -1 Frp 13 13
TvS 4 3 -1 Andre 0 -

Om målinga

Respons har, på oppdrag frå Bergens Tidende i samarbeid med Midtsiden, gjennomført ei meiningsmåling for å laga eit partibarometer veka før valet.

Det er trekt ut eit representativt utval av befolkninga over 18 år i Os. Utvalet er trekt tilfeldig ut frå registre over fasttelefon og mobiltelefon.

Metode: Telefonintervju.
Periode: 3. - 7. september 2015
Responentar: 601

Resultata er vekta i forhold til kjønn- og alderssamansetninga i befolkninga. Resultata må tolkast innanfor feilmarginer på +/- 2-3 prosentpoeng for hovedfrekvensane. Feilmarginane for undergrupper er større.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.