Næringsliv | 22. nov. 2019

Apotek opnar hudpleieklinikk

– Alle treng litt pleie og omsorg i kvardagen, seier Lisa Solem.

Apotek opnar hudpleieklinikk
Lisa Solem utdanna seg som hudpleiar før ho blei apotekteknikar, og har fleire år med erfaring frå spa-avdelinga på Solstrand. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 22. nov. 2019 11:24

Bildeserie:

Flåten Hudpleieteknikk blir ei avdeling av Ditt Apotek. (Foto: KOG)
Flåten Hudpleieteknikk blir ei avdeling av Ditt Apotek. (Foto: KOG)
Her har dei bygd ei tilbaketrekt avdeling for pleie og massasje. (Foto: KOG)
Her har dei bygd ei tilbaketrekt avdeling for pleie og massasje. (Foto: KOG)
1 av 2
Flåten Hudpleieteknikk blir ei avdeling av Ditt Apotek. (Foto: KOG)
Her har dei bygd ei tilbaketrekt avdeling for pleie og massasje. (Foto: KOG)

– Meg kjend er det berre på Bystasjonen i Bergen at du finn eit liknande tilbod i eit apotek, seier Lisa Solem.

Solem er i dag apotekteknikar ved Ditt Apotek på Amfi-senteret, men har frå tidlegare utdanning frå Bergen hudpleieskole. Etter å ha vore utplassert ved spa-avdelinga på Solstrand Hotel & Bad, heldt ho fram med fast jobb på Noregs beste spahotell i fleire år.

– Allereie då eg i 2017 var på intervju til jobben her apoteket, diskuterte vi korleis vi kunne knytta utdanninga mi til drifta.

No vert det altså alvor av ideane.

I tillegg til å vera eit tradisjonelt apotek kan du frå 9. desember òg stoppa innom Flåten Hudpleieklinikk for ein kvil og litt pleie i kvardagen.

Med og utan resept

Solem fortel at ho framleis skal jobba for Ditt Apotek, og at hudpleiesalongen blir ein del av apoteket.

– Tanken bak nyetableringa er å kunna tilby eit breitt tilbod av hudpleie og ulike behandlingar. Apoteket ligg jo sentralt til for mange, og då er kanskje terskelen for å ta seg eit «friminutt» i kvardagen mykje lettare.

Solem fortel at ho i tillegg til god kjennskap til hudpleie og produkta apoteket sel, har teke eit kurs i forholdet mellom reseptbelagt medisinar og hudpleieprodukt.

– Kombinasjonane her gjer at eg har eit godt utgangspunkt til å kunna tilby ei god og riktig hudpleie for kundane våre.

Ikkje berre ansiktet

Solem seier at klinikken vil spesialisera seg på hudlepleie i ansiktet, med ei rekkje behandlingar å velja mellom.

– I tillegg vil det vera mogleg å få massaje av rygg, nakke og kropp.

– Vi vil òg tilby fotpleiebehandling og vippebøy, legg Solem til.

Ein styrke for heile senteret

Sentarleiar ved Amfi Os, Siri Ann Myhren Dalseide, seier at ho har gledd seg til nyopninga i lengre tid.

– Folk vil ha det enkelt i dag, og dette blir eit fint og veldig lett tilgjengeleg tilbod.

– Eg synest det er fint at Lisa og Ditt Apotek gir kundane ein sjanse til å få eit avbrekk i kvardagen, mellom alle dei andre tilboda våre.

Dalseide seier at apoteka, spesielt dei 10 siste åra, har vore gjennom ei stor utvikling.

– Apoteka er blitt mykje meir enn berre ein stad du går inn og hentar medisinen din. No satsar dei mykje på personleg pleie, fine gåveartiklar, og no til sist; ein eigen hudpleieklinikk slik som vi får her på senteret.

Ein liten oase

Halvanna veke før opning er Solem klar med det meste. I eit eige rom bak lokalet er det innreia med behandlingsstol, veggane er dekorerte med avslappande motiv, og i ei pappøskje ligg det nye skiltet som skal hengja på utsida ligg klart til montering.

– No gler eg meg berre til å endeleg å koma i gang, seier Solem. Eg har allereie fleire kundar som ser like mykje fram til opninga som meg sjølv.

– Eg synest avdelinga har blitt ein avslappande og fin oase på senteret, avsluttar Solem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.