Næringsliv | 25. aug. 2016

To år med tøft arbeid

Det har kosta, både kroner og tårer, å etablera seg som gründer. Men no peiker pilene rett veg for Olaug og Henning på Lilleballong.

To år med tøft arbeid
Olaug Gjelsvik og Henning Heimdal på Lilleballong gler seg over å kunne feira 2 årsdagen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 25. aug. 2016 14:00

I dag feirer Partyhuset Lilleballong i Byvegen 2 år.

– Det har vore to veldig interessante år, kjekt, men og tungt. Det har blitt nokre tårar innimellom, eg skal innrømma det. Det er tøft å starta opp ei verksemd, seier Olaug Gjelsvik som saman med mannen Henning Heimdal, står bak butikken.

Satsa alt

Dei to fortel at det no byrjar å likne noko.

– Det har vore tøft å ta igjen det første året. Vi satsa alt vi hadde av eigenkapital og det er mange investeringar som må takast i starten. Det var eindel som ikkje fekk pengane sine med ein gong, men vi har hatt svært medgjerlege og gode samarbeidspartnarar, som har ville oss vel. Til dømes huseigaren vår som har godtatt meir enn dei fleste ville ha gjort, fortel Henning takksam.

Gjorde nokre nybyrjarfeil

Etter ein tøff start med innkjøp av utstyr og varer, og nokre feile val, ser dei to no lysare på kvardagen.

– Kvardagen er mykje lettera no enn i starten. Det har sjølvsagt noko med at vi no har eit vesentleg større kundegrunnlag, men det handlar òg om at vi har lært. Vi kom jo begge frå helsevesenet og hadde ikkje drive butikk før. Vi gjekk på eindel nybyrjarfeil, til dømes med feilval av kassasystem, som vi berre måtte kaste ut att.

Ta sjansen, men spør om råd

På spørsmål om dei ville rå andre som går med ein gründer i magen til å starta for seg sjølv er dei tydelege.

– Ja, går du rundt med ein gründer i magen, så bør du så absolutt gjera det. Men gjer heimeleksa på førehand.

– Snakk med andre gründerar på førehand og spør om tips og råd. Sjølv knytta vi kontakter med Ulstein Gründerforum, noko som var, og framleis er, gull verdt for oss. Det finnst òg andre nettverk ein kan knytta seg til, fortel dei.

Hadde ønskja kommunen var på banen

Felles for dei fleste nettverka har vore at dei er i Bergen.

– Eg skulle ønskt at kommunen hadde gjort noko for mindre gründerar som oss i ei oppstartfase. Ein ting er nettverk, men det vi hadde mest utfordringar med i starten, og som kosta oss mykje penger, var dei tinga som går på regnskap. Om eg skulle ønskt meg noko i bursdagsgåve, så måtte det vera at kommunen kunne hjelpt oss i starten med desse tinga, seier Henning.

Noregs største og einaste

No føler han at dei har kome over den verste kneika. Faktisk har dei no så smått kunne starta å ta ut løn for arbeidet dei gjer. Mykje takka vere fokus på utval, kvalitet og kompetanse.

– Med våre 200 kvadratmeter er vi den største ballongbutikken i Noreg. I tillegg er vi framleis den einaste i Noreg som er QBB (Qualatex Balloon Boutique, eit kvalitetsstempel frå verdas største ballongprodusent, Qualatex, journ.mrk).

Sertifiserte ballongartistar

Ikkje berre har butikken eit kvalitetsstempel frå ballongprodusenten, no er dei òg i ferd med å sertifisera medarbeidarane.

– Olaug og Anette er i ferd med å sertifisera seg som ballongartistar hos Qualatex, fortel Henning.

Sertifiseringa er ikkje av det heilt enkle slaget forstår vi på Olaug.

– Ein ting er at alt går føre seg på engelsk, men vi må ha tre skriftlege innsendingar kor det er 70 spørsmål i kvar innsending og kor vi må ha 80% rett. I tillegg må vi gjera ein del dekorasjonar og jobber som vi må dokumentera med bileter.

– Seinare i haust er det eksamen, kor vi skal syne fram eigenkomponerte buketter, borddekorasjoner og vise at vi kan ulike teknikkar og knuter. I tillegg er det muntleg utspørring. Heldigvis kjem dei til Sandefjord på ei samling der, så vi slepp ta turen til England eller USA for å avlegge eksamen, forklarar Olaug.

Laga brudebukett

Kompetansen skal dei bruke på å gjera enno meir av dekorasjonar og utsmykningar.

– Ja, kven er det som ber dykk dekorera. Kva har vore den mest spesielle jobben?

– Den mest spesielle var nok bryllupet til Lene (dottara, journ.mrk). Der lagde eg brudebuketten og vi pynta både kyrkja og selskapslokalet med ballonger og ballongblomar.

– Ellers så ser vi at stadig fleire får opp augene for ballonger og at det ikkje er berre for born. Vi har pynta i 100-årsdagar, 80-årsdagar, bryllup, barnedåpar og andre besøk. Det har vore ei veldig fin utvikling frå vi starta for to år sidan, avslutter dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.