Arbeider i medvind

Hans Bjørn Bakketeig og Hjelp Moldova opna nytt synssenter, startar optikerutdanning og teiknar formell samarbeidsavtale med den moldovske staten.

Mircea Buga frå Statsministerens kontor helsa Hjelp Moldova under opninga (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
Andris Hamretorsdag 05. mai 2016 10:45

Bildeserie:

Hans Bjørn Bakketeig signerer avtale med det moldovske fengselsdirektoratet (Foto: Siri Fjørtoft/NORLAM)
Det nye synsenteret har fått nye vindauger (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
Senteret er godt utstyrt med ulike hjelpemiddel (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
Senteret blir sentralt i den nye optiker-utdanninga. Eugen Bendelic, dekan ved det medisinske universitetet, gratulerer og helsar Hans Bjørn og Tatiana (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
Hans Bjørn Bakketeig signerer avtale med det moldovske fengselsdirektoratet (Foto: Siri Fjørtoft/NORLAM)
Det nye synsenteret har fått nye vindauger (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
1 av 4
Det nye synsenteret har fått nye vindauger (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
Senteret er godt utstyrt med ulike hjelpemiddel (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
Senteret blir sentralt i den nye optiker-utdanninga. Eugen Bendelic, dekan ved det medisinske universitetet, gratulerer og helsar Hans Bjørn og Tatiana (foto: Kåre Ness, Hjelp Moldova)
Hans Bjørn Bakketeig signerer avtale med det moldovske fengselsdirektoratet (Foto: Siri Fjørtoft/NORLAM)

Sidan Hjelp Moldova starta i 1993 har dei stort sett jobba i motvind, men no ser det ut som vinden har snudd.

– Det har vore ein lang veg for å koma der vi no ser ut til å landa. Det har vore ein kamp, spesielt mot styresmaktene, men vi har ikkje gjeve opp og no har det snudd.

– Det ser ut til at dei skjønner at det arbeidet vi gjer med synshemma ikkje berre hjelper enkeltpersonar, men at det òg har samfunnsøkonomisk gevinst. Den siste tida har dei vore med oss, fortel Hans Bjørn Bakketeig.

Opna nytt synssenteret

Synssenteret Hjelp Moldova opna i 2009 var på 16 kvadratmeter og skulle vera etter planen vera midlertidig.

– Då vi opna det virka det som om styresmaktene var nøgd og at dei la seg på laubera for å kvile. Vi starta med ein lege og ein sjukepleiar i tillegg til meg. Etterkvart har vi utvida til med ein lege til og ein kontormedarbeidar. Det seier seg sjølv at det blir trangt på 16 kvadratmeter. Det skal vera plass til pasientane og pårørande òg.

– Difor har vi jobba målretta for å få eit større lokale. Den 12. april blei ein merkedag då vi opna det nye synssenteret på 74 kvadratmeter og fire rom, fortel Bakketeig.

– Dørene er opne

At vinden har snudd tyda òg den offisielle representasjonen på opninga. Der var statsrådar, representantar for statsministeren sitt kontor, byråkratar og parlamentarikarar godt representert.

– Ja, det var mykje storfint besøk. Og det kjekkaste var at bodskapen var at no er dørene deira opne. Det skal vi nytta oss av, forsikrar Bakketeig.

Takkar ungdommen

Synsenteret har blitt ein realitet mykje takka vere ungdommar i Os, Fusa og Bergen sin innsats.

– Den innsatsen elevane ved Os vgs, Os gymnas, Fusa vgs og Langhaugen vgs legg ned i deira humanitære aksjon kvar haust er vi utruleg takksame for.

– Pengane dei samla inn i haust har gått direkte til å pussa opp og innreia det nye synssenteret, fortel Bakketeig.

Starter utdanning

Ikkje berre har dei bygd nytt og større synsenter. Til hausten startar dei utdanning innan optometrifaget.

– Det er ei fire-årig utdanning som vi starta saman med Høgskolen i Sørøst-Norge på Kongsberg og det medisinske universitetet i Chisinau. Synsenteret får ein sentral plass i denne utdanninga kor elevane skal få praksis, fortel Bakketeig.

Utdanninga er støtta med 6,6 millionar kroner frå Senter for internasjonalisering av høgre utdanning.

Går i fengsel

Ikkje berre har Hjelp Moldova opna nytt synsenter og signert avtaler om optiker-utdanning. 29. mai signerte Hans Bjørn Bakketeig også ei avtale med det moldovske fenselsdirektoratet om å gje synshelseteneste for innsatte.

– Eg veit at ikkje alle er samde med meg, men eg meiner det er ei menneskerett for også dei innsette å få denne type hjelp.

– Vi har allereie vore inne i ungdomsfengselet og kvinnefengselet og undersøkt dei innsatte der. Når eg reiser tilbake sak eg inn i fengselet for livstidsfangar og undersøke dei.

– Eg gler meg til å ta fatt på dette arbeidet. Ikkje alle medarbeidarane mine er like entusiastiske. Dei tykkjer det er litt skummelt. Men i avtalen er vår tryggleik spesielt poengtert, så det uroar ikkje meg. No kan eg koma i fengsel når eg vil og reise igjen når eg vil, seier Bakketeig og ler.

Skal signera samarbeidsavtale

Som eit direkte resultat av den nye haldninga kjem Hjelp Moldova og synssenteret til å signere eit memorandum of understanding (ei samarbeidsavtale) med den moldovske staten når Hans Bjørn reiser tilbake der seinare i sommar.

– Det blir ei avtale på statsministernivå, som vil gje føringar nedover og utover i dei ulike departementa. Det at vi har kome dertil er fantastiske nyheiter.

– No ser vi ting skjer. Det gjer det endå lettare å jobba der borte, avsluttar Hans Bjørn Bakketeig, som 17 mai blir å sjå og høyre som hovudtalar på Kyrkjeflaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.