Samferdsle | 31. mai 2022

Arbeidet held fram til laurdag morgon

To vegstykke får ny asfalt.

Arbeidet held fram til laurdag morgon
Kø opp Mobergsbakken under fresinga av asfalten måndag kveld. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mai 2022 07:35

Måndag kveld var det periodar med kø i Mobergsbakken. Årsaka var fresing av asfalt.

Tysdag ser begge køyrefelta ferdig freste ut, også fartsdumpane ved fotgjengarfelta er vekke.

Ved rundkøyringa i sentrum står maskinene klare til vidare arbeid.

Arbeidet i Mobergsbakken og på Byvegen held fram til laurdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arbeidet i Mobergsbakken og på Byvegen held fram til laurdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Arbeidet skal gå kveld og natt, frå klokka 19 til 06 om morgonen, opplyser vakthavande ved Vegtrafikksentralen.

Det blir manuell dirigering mens arbeidet pågår. Arbeidet skal vera ferdig klokka 06 laurdag morgon 4. juni.

Om du har det travelt på kveldstid kan det med andre ord vera ein fordel å køyra over Mobergsbrua eller Ulvensletta.

Tar to vegstykke

Vestland fylkeskommune opplyste i starten på april at dei skal legga 217.667 meter med nytt asfaltdekke på eige fylkesvegnett i år.

Av 217,6 kilometer kjem 5,7 km i Bjørnafjorden kommune.

Desse tre vegstykka i Bjørnafjorden skal få nytt dekke i år:

  • FV583 frå rundkøyring ved Industrivegen til Os sentrum: 2.546 meter
  • FV552 frå Moberg til Os sentrum: 1.544 meter
  • FV552 på Venjaneset: 1.610 meter

– Både Mobergsbakken og Byvegen opp til Industrivegen skal takast i denne runden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.