Kultur | 28. okt. 2016

Arbeidsjern frå Litauen på talent-audition i Oseana

Ho flytta heimefrå som 11-åring og kom til Noreg for å stressa ned. No driv Norske Talenter-deltakar Modesta med dansekurs på Halhjem.

Arbeidsjern frå Litauen på talent-audition i Oseana
Modesta Butautyte frå Litauen bur på Tysnes, jobbar i Os og var på Norske Talenter-audition i Oseana søndag.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. okt. 2016 13:28

Bildeserie:

Modesta Butautyte
Modesta Butautyte
Modesta Butautyte
Modesta Butautyte
Modesta Butautyte
Modesta Butautyte
1 av 3
Modesta Butautyte
Modesta Butautyte
Modesta Butautyte

Søndag og måndag var Freemantle Media og TV2 i Oseana, saman med mykje lokalt publikum, for audition til Norske Talenter 2017.

Ein av deltakarane, Gustav Navas Hasfjord, er frå Os, ein annan bur på Tysnes og starta i september med zumba, yoga og dansekurs på Halhjem.

– Sjølv om du har lang erfaring hjelper det ikkje med verken talent eller rutine, då kjærasten min meldte meg på måtte eg verkeleg jobba med meg sjølv. Det blei naturlegvis ny koreografi og mykje trening inn mot audition.

– Folk ventar meir av deg når du har halde på ei stund, og eg ventar mykje av meg sjølv. Det held ikkje med talent, viss ikkje du jobbar hardt så dør talentet ditt, seier Modesta Butautyte (29).

Vaks opp som «soldat»

Modesta vaks opp i ein liten, fattig landsby i Litauen.

– Som barn hugsar eg at eg hadde inntrykk av at det ikkje var så gode framtidsutsikter der eg budde.

Då ho var 11 år flytta ho heimefrå, til hovudstaden Vilnius for å gå på kostskule for ballettdansarar.

– Eg var berre heime til jul og om sommaren. På skulen var det som om vi var soldatar, vi hadde undervising frå 8 om morgonen til 19 om kvelden, først skule, så dans, seks dagar i veka.

Frå klassisk til prisvinnande street

Etter at ho var ferdig utdanna blei det eitt år på nasjonalteateret med ballett før Modesta forlet klassisk dans for godt.

– Ikkje var eg høg og ikkje var eg spesielt mjuk, eg såg at det aldri ville bli ei framtid for meg i den sjangeren.

Som 21-åring starta ho eige dansestudio som underviste i blant anna streetdance.

– Her hadde eg mange gode ungdomar i trening. Dansegruppa blei etterkvart veldig god, og tok fleire 1. plassar i ulike konkurransar.

Sjølv har Modesta deltatt i Litauens «So you think you can dance» og tatt 8. plass i VM i hip hop.

Til Noreg med lett bagasje

For litt under to år sidan kom Modesta til Noreg, utan jobb, utan plan og med ein liten bag med fem t-skjorter i.

– Eg reiste frå alt, jobb, familie og kjærast. Eg var trøtt og lei og trengte ein pause frå alt.

Først budde ho i Bergen, der ho ved å visa CV-en sin fekk halda nokre workshops på eit dansestudio. Så gjekk turen vidare til treningssenteret Svingen Puls på Tysnes, der ho framleis jobbar og underviser ungar, ungdom og vaksne i dans, zumba, yoga og pilates.

Starta danseskule på Halhjem

Modesta bur på Tysnes, men tar ferja til Halhjem fleire gongar i veka

– Kjærasten min kom etter eit år. Han studerer for å bli elektroingeniør. Ved sidan av jobb hos Svingen ville eg starta mitt eige, og i september byrja eg med danseskule, yoga og zumba på Halhjem.

– Dei første deltakarane er ungar frå 4 til 7 år, og vaksne, men eg håper å få til ei god ungdomsgruppe, ein gjeng eg kan undervisa så dei blir skikkeleg gode, at vi kan setja opp ei eiga framsyning.

God oppleving i Oseana

Den erfarne og hardarbeidande dansaren frå Tysnes synest det var kjekt å delta i Norske Talenter.

– Det var ein hyggeleg jury. Generelt synest eg nordmenn er veldig høflege. Litt inneslutta, kanskje. Dei prøver å vera opne, men er litt lukka, synest ho.

Modesta veit at ho bør læra seg norsk, men førebels har ho ikkje tatt seg tid til det.

– I tillegg til morsmålet mitt har eg engelsk, russisk og italiensk. Eg har kvidd meg litt til å setja meg inn i eit fjerde framandspråk, til no har det dessutan vore veldig travelt.

– Men det er viktig å kunna språket der du bur, og eg lærer jo litt mens eg er her, så eg vil snart få meg litt undervising så eg blir god nok i norsk òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.