Lokal | 02. jan. 2020

Året 2020: Skotår, jubileum og fridagane

Kva vekedag er 17. mai? Kven har jubileum? Kan du namnet på alle Noregs 11 fylke?

Året 2020: Skotår, jubileum og fridagane
Har du oversikt over året som starta i går? (Alle foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. jan. 2020 11:40

Natt til onsdag gjekk vi inn i nytt år, ny kommune og nytt fylke - onsdag kveld blei dette markert med fyrverkeri i Fusafjorden.

Fusa og Os er ikkje dei einaste som har slått seg saman, i Noreg blei talet på fylke i går redusert frå 18 til 11. Samtidig gjekk vi ned frå 422 til 356 kommunar grunna samanslåing.

Dette er dei nye fylka i Noreg:
Viken (Østfold, Akershus og Buskerud)
Innlandet (Hedmark og Oppland)
Vestfold og Telemark (eitt fylke, men har halde på begge namna)
Agder (Aust-Agder og Vest-Agder)
Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane)
Troms og Finnmark (eitt fylke, men har halde på begge namna)

Trøndelagsfylkene blei slått saman 1. januar 2018. Rogaland, Møre og Romsdal, Nordland og Oslo har, med nokre grensejusteringar, blitt verande som dei er.

2020 - eit skotår

I år har vi, som i 2016, ein innskoten ekstradag; 29. februar.

Årsaka til at vi har skotår er at jorda bruker meir enn 365 døgn på å gå ein runde rundt sola, nærmare bestemt 365,2422 døgn.

For å kompensera for den ekstra tida (så vi unngår at juli på sikt blir ein vintermånad) blir det lagt inn ein ekstra dag kvart fjerde år.

Årsaka til at det er februar som har færrast dagar, og som får tilleggsdagen når det er skotår, er at februar tidlegare var den siste månaden i året.

I Noreg er i alt 3.140 personar fødd på skotårsdagen.

• Vi intervjua fire av dei i 2012: – Slepp å bli 50

• Les meir om skotår på Wikipedia

17. mai på ein søndag

I dag var juleferien brått over for elevane i grunnskulen i Bjørnafjorden kommune.

Første fridag for grunnskuleelevane, og ungane i kommunale barnehagar, er allereie fredag 31. januar.

Vinterferien er, som vanleg, i veke 9, med fredag 21. februar som siste skuledag før ferien og måndag 2. mars som første etter ferien.

Mars er utan fridagar, påskeferien startar måndag 6. april, med fredag 3. april som siste skuledag før ferien og tysdag 14. april som første etter.

Så kjem mai med sine fridagar. 1. mai er på ein fredag, dermed startar vårmånaden med ei langhelg for mange.

Men 17. mai landar på ein søndag i år, dermed blir det bråstart på skulen måndag 18. mai, spesielt for årets russekull.

Det blir ei kort veke, torsdag 21. mai er Kristi himmelfartsdag, og fredag 22. mai blir fridag.

Andre pinsedag er måndag 1. juni, mens fredag 19. juni blir siste skuledag før sommarferien.

Årets jubilantar

Det ser ut til å vera fleire organisasjonar og firma i Os som har jubileum i år*, anten det er snakk om 100, 50 eller 25 år.

* Lista er med atterhald: Dei som er ramsa opp under er ut frå stiftelsesdato. Det kan henda at nokre av desse har starta drifta før eller seinare, eller at dette berre er formelle endringar og ikkje noko dei sjølv vil markera.

Os Mållag er 100 år, stifta 1. april 1920. Os Kfuk-kfum-speidere er 75 år, stifta 18. november 1945.

Det er 50 år sidan Beme Eiendom AS og Hydravinsj Ferieklubb blei stifta.

Av dei som kan feire 25-årsjubileum i år er Cubus Os (avd 81d), Drange Dagligvarer R. Kronenberger, Goodtech AS avd Os, Os Sanitetsforening, Os Husflidslag og Lysefjorden Rideklubb.

Fleire enkeltmannsforetak blei stifta i 1995, altså for 25 år sidan, som Vestlandske Heiltremøblar Jarl Haug, kunstnar Arne Mæland, hypnotisør Bjørn Lunde - Smertelindring & Mental Trening, Bergen Keyboard Senter Svein-Tore Hindenes (kjent frå Ausekarane), instrument-reparatør Geir Mildestveit, fotograf Oddmund Lunde, frisør Linda Borgen, fiskar Lars Inge Askvik og fotograf og taksidermist (utstopping av dyr) Helge Haukeland.

Hendingar for 100 og 50 år sidan

I 2020 er det 100 år sidan ...

• Folkeforbundet, forløparen til FN, blei stifta (10. januar)

• Forbodstida (forbod mot sal av alkohol) starta i USA. Dette førte til omfattande gangsterverksemd.

• Noreg får suverenitet over Svalbard.

• Bondepartet blei stifta (19. mai)

• Stemmerettsalderen blei sett ned frå 25 til 23 år.

• Vi var knappe 2,7 millionar innbyggarar i Noreg.

Forfattar Anne-Cath. Vestly (15/2) og filmskapar Ivo Caprino (17/2) blei fødd. Også Rolf Kirkvaag (20/9) og Jens Bjørneboe (9/10) ville blitt 100 år i år. Knut Hamsun fekk Nobels litteraturpris i 1920.

Samtidig er det 50 år sidan ...

• Muammar al-Gaddafi fekk makta i Libya

• Apollo 13 blei skote opp, og skapte nesten katastrofe på returen til Jorda.

• Fiji erklærte seg uavhengig av Storbritannia.

• Ein syklon drepte 300.000-500.000 menneske i Bangladesh.

• Thor Heyerdahl starta ferda si med sivbåten Ra II. Kjem til Barbados knappe to månadar seinare.

• Naturvernloven blei vedtatt.

• Jan Mayen blei evakuert etter vulkanutbrot.

Åsne Seierstad, Karoline Krüger, Thomas Numme, Geirmund Brendesæter, Mariah Carey, Håvard Flo, Leif Ove Andsnes, Uma Thurman, Øyvind Leonhardsen og Runar Berg er blant kjente personar som fyller 50 år i år.

I 2020 er det 50 år sidan Alf Prøysen, Tarjei Vesaas, Janis Joplin og Jimi Hendrix gjekk bort. Det er òg 50 år sidan Øystein Sunde og Ole Paus debuterte, og The Beatles blei oppløyst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.