Lokal | 18. mai 2015

Årets eldste festdrakt?

La du merke til desse «bunadane» i går?

Årets eldste festdrakt?
Magna Nordgard og Øyvind Lye stilte i vikingklede på 17. maifeiring i si nye heimbygd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. mai 2015 07:01

Blant bunadar frå Os og Hardanger dukka det opp to mindre fargerike antrekk under 17. maifeiringa på Kyrkjeflaten.

– Det går mest i jordfargar. Skarpe fargar var berre for dei rikaste, seier Øyvind Lye.

– Som du ser er eg meir velståande enn Øyvind, seier Magna Nordgard, og viser til at ho har ein del blåfarge på antrekket.

Levande historieforteljing

Dei to festkledde, Magna og Øyvind, bur i Os, men er medlem i eit vikinglag frå Vestfold.

– Vi driv med levande historieforteljing og deltar blant anna på marknadar.

– Kleda våre er laga av ull og alt er sydd for hand. Det skal vera så autentisk som mogleg, fortel dei to, som ikkje vil bli avbilda med synlege sko, for der hadde dei fuska i det våte vêret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.