Årets høne
– Brått kom det snø, då var det berre til å hiva seg rundt.


Kvar vinter sidan 2010 har Siv Vevle og sambuaren Alf Holdhus frå Os brukt delar av påskeferien på å bygga påskehøne i snø på Kvamskogen.
I fjor blei det «nød-snø», i år blei forholda betre. Men det såg ei stund vanskeleg ut.
– Vi har det travelt med andre ting, etter å ha selt hus og naust, og kjøpt leilegheit, fortel Siv.
– Det var heller ikkje bra vêrforhold, så eg byrja å lura på om vi skulle klara å halda tradisjonen vedlike. Men brått kom det snø og vi planla for nokre dagar på hytta.
Jobben var tyngre enn før.
– Snøfresaren tok kveld før vinterferien, så vi er glade for at det ikkje kom meir snø enn det gjorde. Og snøen som kom var ganske våt, så det blei ein tung jobb.
Resultatet er familien likevel nøgd med.
– Det blei ikkje rekordstorleik, men høna blei 2,2 meter høg, 2,5 meter lang og 1,3 meter brei.











