Torolf Juvik, Nils Georg Brekke, Magne Brekke, Trygve Amundsen og Jan Røttingen med gåvesjekken på plata Lemstova skal reisast på. (Foto: Andris Hamre)

- Årets julegåve til Os

- Eg mista både munn og mæle då banksjefen ringde, fortel styreleiar Magne Brekke om førjulsgåva på 300.000 kroner.

Av: Andris Hamre

Torsdag kom banksjef Trygve Amundsen i DnB med det stiftinga Lyngheim omtalar som årets julegåve til Os.

- Eg er utruleg glad for å overrekka ein sjekk på 300.000 kroner frå Sparebankstiftinga DnBNor til Stiftelsen Lyngheim som eit bidrag til realiseringa av det historiske tunet på Lyngheim, fortalde Amundsen.

Utbytte til allmennyttige formål

Sparebankstiftinga DnBNor er DnB sin nest største eigar og nyttar store delar av aksjeutbyttet som gåver til allmennyttige formål. To gangar i året blir midlar frå stiftinga delt ut.

- I haust kom det inn heile 1129 søknader frå heile landet. De er ein av 163 som får midlar i denne omgangen.

Amundsen har òg tidlegare kome med milde gåver frå stiftinga til lag og organisasjoner i bygda. I vår gav han «Havfest» 200.000 kroner.

- Eg trur ei av dei første gåvene eg fekk gleda av å dele ut var på 50-60.000 til ein prosjekt like bort vegen her, nemleg Oselvarverkstaden tilbake på midten av 1990-talet, fortalde Amundsen.

- Motet stig

Stiftinga Lyngheim står bak det historiske tunet på Lyngheim kor ei lemstove frå Tveit skal bli det sentrale elementet er i ferd med å starta på 2. trinnet i byggjeprosjektet.

- På tysdag hadde vi styremøte og konkluderte med at no var penga vi hadde brukt opp, og at vi måtte starta på å reisa dei omlag 1,6 millionane vi treng for å få reist lemstova og gjera alt utandørs.

- Difor var det ei fantastisk vitamininnsprøyting og ei enorm motivasjon å få telefonen frå Amundsen kor han kunne fortelje at vi hadde fått 300.000 kroner frå stiftinga, fortel styreleiar Magne Brekke.

Ein sosial samlingsplass

Det historiske tunet på Lyngheim blir bygd, og når det står ferdig, drifta på idealisme og dugnad.

- Difor stifta vi i september «Vener av Lyngheim». Både for å reise midlar, men òg for at vi som er interessert og involvert skal få ei gruppe å tilhøyre, forklarar leiar av venene Torolf Juvik.

Modellen dei byggjer på har dei henta frå Bergen og «Bryggens venner» kor veneforeninga stetter stiftinga med midlar og arbeidskraft.

- Målet er at tunet skal bli ein sosial samlingsplass og ein plass kor viktig Oshistorie kan formidlas til alt frå barnehagar til turistar og andre som kjem innom, forklarar eldsjel Nils Georg Brekke.

Midtsiden.no kjem tilbake i ein eigen sak med meir om tunet.

Fleire saker