Sport | 06. mars 2013

Årets juniorutøvar

Karoline Breivik, som debuterte som bilcross-kjørar i fjor, blei 5. beste av 23 i klubben og er kåra til årets utøvar i NMK Bergen.

Årets juniorutøvar
Karoline fekk både pokal og blomar då ho blei kåra til årets juniorutøvar i NMK Bergen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mars 2013 07:41

Karoline Breivik fekk i 2011 bil i konfirmasjonsgåve og hadde i fjor sin første konkurransesesong.

Karoline hadde ein god start og ei fin utvikling gjennom året, som ho toppa med avslutninga, der ho kjørte årsbeste, var éin plass frå A-finale og kom på 3. plass i sin første B-finale.

– Klubben hadde årsmøte for ei veke sidan, der fleire medlemmar møtte fram, og nokre av dei fekk pris, seier tidlegare rallycross-kjørar, bestefar Håvard Gåssand.

nmkbergen.no kan du sjå alle prisvinnarane.

Karoline fekk pris for beste juniorutøvar. I sin første sesong var ho 5. beste blant 23 juniorar.

I tillegg til gode resultat viste juryen til Karoline sin treningsvilje og framgang.

– Det er mange motorinteresserte i Os, og dei som vil prøva seg på bane med fire hjul kan ta turen til Eikås til helga.

– Fredag og laurdag er det teorikurs for nybyrjarar, laurdag blir det også litt kjøring for kursdeltakarane, fortel Gåssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.