Lokal | 29. juni 2010

Årets Oskar

Årets første laks i Oselvo blei fiska av Kjell Olsen måndag kveld, 13 dagar etter at sesongen starta.

Årets Oskar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. juni 2010 13:09

Måndag kveld, i Hammaren sone 4, halte Kjell Olsen opp ein villaks på 3,9 kg (80 cm).

- Fisken blei tatt på makk i 18.45-tida. Same kveld tok Svein Hansen ein tert (laks under 3 kg) på 2,6 kg og Bård Lyssand ein tert på 1,8 kg (sone 2), fortel fotograf Ole Vidar Søviknes.

Årets første laks, tatt av medlem i Os jakt- og fiskelag, blir kalla Oskar. I år var det altså Kjell Olsen frå Bergen som tok Oskaren, 13 dagar etter opningsnatta.

Søviknes følgjer fisket i Oselvo tett. På nettsida hans, www.prohd.no, kan du sjå fleire bilde frå fangst og fiske i Oselvo, også av Bård og Svein sine tertar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.