Kultur | 11. des. 2012

Årets siste bygdekino

Det er duka for legender og fantasi i stor skala på årets siste kinodag i Oseana.

Årets siste bygdekino
Hobbiten: En uventet reise ( Foto/Copyright: © Metro-Goldwyn-Mayer Pictures Inc. and New Line Productions, Inc./ Foto: James Fisher)
Kari M. Lyssandtysdag 11. des. 2012 12:56

Det er dei to storfilmane De fem legendene og Hobbiten som er søndagens kinoframsyningar på Bygdekinoen.

Pass deg for busemannen!

Trudde du at julenissen si einaste oppgåve var å lage gåver til jul? Og at tannfeen berre kom med penger når du mista melketenner?

Ifølge den nye animasjonsfilmen frå Dreamworks, Dei fem legendene, har du tatt grundig feil.

Fem legender frå barndommen, julenissen, tannfeen, Jack Frost, påskeharen og sandman (Ole Lukkøye) er, i tillegg til kjente sagnfigurar, ei gruppe superheltar med store krefter.

Dei må trå til då skikkelsen Pitch (busemannen) prøver å øydeleggja all barnetru ved å spreia mørke og frykt over heile verda.

Dei fem legendene slår seg saman for å bekjempe han og forsvara håpet, trua og fantasien som lev i oss alle.

Filmen startar klokka 16:00
Aldersgrense 7 år (frårådast born under 7 år)
Norske stemmer: Ivar Nørve (Nord/Julenissen), Kåre Conradi (Pitch/Busemannen), Fredrik S. Paasche (Jack/Jack Frost), Heidi Ruud Ellingsen (Tanna/Tannfeen) og Bjørn Skagestad (Harry/Påskeharen).

Historien før Ringenes Herre

Mange J.R.R Tolkien fans har vente lenge på at boka Hobbiten skulle bli filmatisert, og no er filmen endeleg her.

Det vil seia, filmatiseringa av Hobbiten har blitt ein triologi, og første del, Hobbiten: En uventet reise, er no ute på kino.
Dei to neste delane vil bli vist i desember 2013 og juli 2014.

Handlinga går føre seg 60 år før Ringenes Herre triologien, og atter ein gong er det den Oscarbelønte filmskaparen Peter Jackson som har regien.

Hobbiten Bilbo Lommelun lever eit fredeleg og rolig liv i Hobsyssel, heilt fram til han blir med trollmannen Gandalv og 13 dverger på ei reise for å redda det tapte riket til dvergane frå den fryktelege dragen Smaug.

Det blir ei ferd fylt av fare, dei møter både tusser, orkar, dødelege vargar og trollmenn.

På ferda møter også Bilbo skapningen som skal endra livet hans for alltid: Gollum.

Aleine med Gollum, ved bredda av ein underjordisk sjø, hentar den beskjedne Bilbo Lommelun fram oppfinnsomheit og tapperheit som til og med forbløffar han sjølv, og i tillegg får han tak i Gollums "kostelige" ring, som har svært uventa og nyttige eigenskapar. Ein enkel gullring som er knytta til heile Midgard si skjebne på måtar Bilbo knapt kan fatte.

Filmen startar klokka 19.00
Aldersgrense 11 år
Skodespelarar: Martin Freeman, Richard Armitage, Cate Blanchett, Sylvester McCoy , Benedict Cumberbatch, Elijah Wood, Ian Holm, Hugo Weaving, Ian McKellen, Andy Serkis, Christopher Lee, Graham McTavish , James Nesbitt , Aidan Turner, Ken Stott, William Kircher, Stephen Hunter, Dean O'Gorman, John Callen, Peter Hambleton, Jed Brophy, Mark Hadlow, Adam Brown

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.