Årets største i Oselvo

Tysdag blei det sett ny sesongrekord, onsdag morgon blei ein endå større laks tatt på land.

Kjell Morten Søvik med laksen på 11 kilo, den største som er tatt i Oselvo til no denne sesongen. (Foto: Ole Vidar Søviknes, prohd.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juli 2015 08:21

– Det står utruleg mykje stor fisk i elva, seier fotograf Ole Vidar Søviknes til Midtsiden.

Videofotografen følgjer fisket i Oselvo tett, og har på prohd.no bilde av mesteparten av laksen som er tatt dei siste åra.

– Dei siste dagane har det blitt tatt mykje stor fisk, og det kjem nok til å bli fiska fleire beist i dagane som kjem. Eg går dessverre glipp av desse, for no er eg på veg på jobb i Nordsjøen, fortel han.

Rekord to dagar på rad

Tysdag tok utlendingen Lukasz Hubert Lukasik ein laks på 9,72 kilo i «kremretten».

Morgonen etter blei det tatt ein endå større fisk i Klekkerihølen.

Villfisk på 11 kilo

Osingen Kjell Morten Søvik sette ny sesongrekord då han fekk ein laks på 11 kilo onsdag morgon.

– Det er også ny personleg rekord. Dette er den største laksen eg har tatt på 10-15 år, og den største eg har fått i Oselvo, seier Kjell Morten om fangsten.

Han var i elva klokka 05.30 onsdag morgon. Først fekk han ein på 5 kilo, så kom den på 11 kilo. Dermed var dagskvoten på land og Søvik måtte gje seg allereie klokka 8.30.

– Eg skal ikkje surmula etter så fin fangst, men det blei ei litt kort økt.

Den første laksen, som blei tatt på makk, tok han på land åleine, den andre fekk han hjelp av Ove Lyssand med håv. Lyssand skal sjølv ha mista ein stor laks i går.

Lite oppdrett - mykje stor villfisk

Laksen blei tatt to veker etter at han fekk ein på 8 og ein på 11,5 kilo, men den største var ein oppdrettsfisk.

– Det er heldigvis lite oppdrettsfisk å sjå. Men det er store flak med tert og veldig mykje stor fisk.

Søvik meiner det lover bra for åra som kjem.

– Men fisken bit ikkje så mykje nett no, så eg har nok vore heldig. Min flaks er kanskje brukt opp for sesongen, men eg trur det kjem til å bli fiska ein god del stor fisk i vekene som kjem.

Sesongen varer som vanleg til 15. september.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.