Borgafjellet skule var innom PBU for andre gongs handsaming i går. (Ill: Link Arkitektur) 

Arkeologi og kyss-og-køyr i PBU

Den nye skulen på Hjelle var innom plan- og bygningsutvalet i går.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Prosessen med å reisa ny skule «aust om elvo» går på fram, og i går var det tid for andre gongs handsaming i PBU.

Til å oppdatera utvalet på framdrifta, stilte Camilla Mohr frå Link Arkitektur.

Gild eller ugild?

Mohr var ikkje komen langt ut i presentasjonen sin før Espen Aspenes (Frp) tok opp handa. Han reagerte på ei av skissene Mohr nytta i presentasjonen sin. 

– Eg treng å veta om eg er gild eller ugild her, slik eg ser det no, er eg ugild.

Problemet synte seg å liggja i eit ikkje-oppdatert kart, og etter ein kort debatt kunne Aspenes skubba seg sjølv og stolen sin attende til bordet.

Treng dispensasjon frå kulturminnelova

Mohr kunne fortelja at når det gjeld dei arkeologiske funna som er gjort i området, har arkeologane godteke at desse kan fjernast. Dette betyr i klartekst at kommunen må søkja om dispensasjon frå kulturminnelova, men når arkeologane har teke ut det dei vil ha, vil dei ikkje kunna stoppa framdrifta på det regulerte området.

Det er planlagt at dei arkeologiske utgravingane skal ta til i sommar. 

Konsekvensar og fartsgrenser

Mohr tok vidare utvalet gjennom korleis arkitektbyrået vurderer konsekvensane ved ei bygging av skulen.

Når det gjeld trafikk, reknar Link Arkitektur med at dette ikkje vil bli særleg merkbart for lokalsamfunnet kring skulen, men ho understreka at denne analysen var tufta på ei fartsgrense på 40 kilometer i timen forbi skulen.

Mohr kunne òg fortelja at det har kome motsegner frå Statens vegvesen på tryggleiken til ungane i samband med trafikkløysingane rundt skulen. 

– Dette er noko vi har jobba mykje med, og vi har ein god dialog med Statens vegvesen om plassering av busstopp. Det er utfordringar med siktlinjer bakover for bussane når dei køyrer ut frå ei busslomme versus eit enkelt kantstopp.

– Slik vi ser det no, er vegvesenet med på å korta inn det noverande busstoppet i retning Hegglandsdalen. Dette er ei tryggare løysing enn eit kantstopp langsmed vegen.

Skal klara ein 200-årsflaum

Prosjektleiar i Os kommune, Halvor Hanevik, tok føre seg dei klimatiske høva kring den nye skulen.

– Det er uvanleg mykje overvatn i eitt område vi må ta omsyn til her, kunne Hanevik fortelja. Det er mykje vatn som kjem nedover forbi skulen, og dette har vi jobba mykje med å løysa på ein god måte.

– Vi har vald å plassera skulen slik vi gjer, nettopp for å kunna ta unna ein 200-årsflaum. Dette inneber at vi i eit ekstremtilfelle må ofra fotballbanen og parkeringsplassen for å leia vatnet rundt skulen, og vidare ned i Valla-elvo. Men igjen; då snakkar vi om ein storflaum. 

 – Er dette nok plass?

Fleire av representantane i utvalet stilte seg undrande til om trafikkløysingane kring levering og henting av ungar ved den nye skulen var god nok.

– Har til dømes foreldreutval ved andre skular vore nytta i prosessen, undra Terje Sperrevik (TvS). Er de sikre på at desse trafikkløysingane er gode nok?

Harald Døsen (Ap) følgde opp Sperrevik på det same temaet;

– Eg bekymrar meg for om de har sett av nok plass til trafikken rundt skulen. Det er trass alt ein fylkesveg som passerer tett opp mot skulen. 

Foreldra må nytta «kiss'n ride» rett

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, var samd i utvalet sine bekymringar, men kunne òg fortelja at det er mogleg å nytta meir areal til trafikk og parkering.

– Vi kjøpte heile garden som skulen skal reisast på, men på noverande tidspunkt får dyreklinikken nytta noko areal til lufteområde for hestar. Om det viser seg naudsynt, kan dette areal omdisponerast nettopp til skuleføremål. Eg trur ei god skulering av foreldra på korleis nytta «kiss’n ride-løysinga», er viktig.

– Om dei ikkje berre effektivt skal setja ungane av, må dei veta at dei skal nytta parkeringsplassane framfor skulen. Får vi til dette, får vi ein sikker trafikkflyt ved Borgafjellet skule i framtida, meiner Tjosås. 

Fleire saker