midtsiden

Arne lurte alle

Skulptursymposiet: Arne Mæland fekk, heilt ufortent, tilnamnet «il grande pescatore».

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Under avsluttinga av Os Internasjonale Skulptursymposium laurdag, der det også var tildelinga av skulptur til kjøparane, fortalte Arne Mæland frå Os Kulturutvikling om fine dagar saman med dei tilreisande kunstnarane.

– Vi har hatt 14 flotte dagar saman, vi kunstanarne og arrangørane, og alle vertsfamiliane og andre som har stilt opp.

Jobbing, fine sommarkveldar, grilling, kvalsafari i Bjørnefjorden – og fiske, har vore blant det gjestane har fått oppleva i Os.

Ville ha laks

Spesielt fiske blei det ein del av, og gjestane frå utlandet var opptatt av å få laks i bygda med den fine lakseelva.

– Då vi fiska fekk eg heile tida spørsmål om dette var «salmone» (laks), uansett kva vi drog opp, om det var pale eller torsk.

Mæland var lei av å skuffa gjestane, så han tok ein pedagogisk tur til Øyane, Inka AS og Karsten «Kakki» Austevoll på Gjelevika.

Ingen storfiskar likevel

Tilbake frå fileteringsfabrikken Inka la Arne laksen fram for kunstnarane og sa han nettopp hadde fått den på kroken.

– «Il Grande Pescatore» (storfiskaren) har dei kalla meg sidan, men i går kveld avslørte eg bløffen.

Laksen var henta for å visa gjestane korleis ein laks ser ut. No har kunstnarane frå kontinentet to år på seg til å hugsa utsjpnaden på laksen, og på å tilgje fiskeskrøna til Arne Mæland.

 

Fleire saker