Lokal | 17. feb. 2018

Arne Mæland overraska med Kongens fortenestemedalje

– Det har enno ikkje gått opp for meg, seier kunstnaren.

Arne Mæland overraska med Kongens fortenestemedalje
Ordførar Marie Bruarøy festa Kongens fortenestemedalje på brystet til Arne Mæland (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 17. feb. 2018 14:34

Arne Mæland trudde han skulle fortelja om skulptursymposiet og arbeidet med Vognhallen til ei gruppe frå Lindås, men slik var det ikkje. Då han kom ned i Vognhallen sto ordførar, rådmann, kultursjef saman med familie og gode vener og venta.

Arne blei tatt på senga og visste ikkje kva han gjekk til.

– Eg beklager at eg har lurt deg, for andre gong, sa kultursjef Lisbeth Axelsen før ho let ordførar Marie Bruarøy stå for den offisielle overrekinga.

• Sjå heile talen som vi sendte direkte på Midtsiden si Facebook-side, innlemma nedst i artikkelen.

Ein mann med eit stort hjarte

Ordføraren trakk fram Mæland sitt store hjarte då ho las delar av søknaden som var sendt H.M. Kongen.

– Mæland har gjennom sitt vaksne liv vist ei spesiell innsats på områda kunst, kultur, sosialt, frivillig og humanitært arbeid. Det brennande engasjementet for sosialt og humanitært arbeid speglast att i kunsten hans. Alle skulpturar er inspirert av møte med andre menneskje. Han har eit særskilt hjarte for menneskje som treng ekstra omsorg. Det vera seg einskildindivid som fell utanfor samfunnet, eller innsamlingsaksjonar for større grupper menneskjer i naud i verda.

Rieber sitt initiativ

Initiativtakarane for at kommunen skulle senda søknaden om fortenestemedaljen har vore mange. I framste rekkje Christian Rieber.

– Mæland si betydning for Os kan neppe overvurderast. Han er ein einer med sin kraft, raushet, fantasi og entusiasme som har skapt aktivitet og engasjement. Ved at han oppmuntrar og støttar unge kunstnarar i Os har han lagt grunnlaget for videreutvikling av kunst og kultur i si heimbygd, skreiv mellomanna Rieber i si anbefaling.

Mållaus mottakar

Arne Mæland blei noko så sjelden som mållaus då han blei tildelt fortenestemedaljen.

– Eg må nesten seie som OL-utøvarane; "Det har ikkje gått opp for meg enno", smilte han då Midtsiden snakka med han etter at StepinOut og Tilslørte Bondepiker hadde heidra han med spesialskriven song.

– Dei lurte meg godt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.