Kultur | 20. juni 2013

Arne og Wolf opnar på Os

Osøren: Festivalsjef Gunnar Nagell Dahl fortel om svært godt billettsal og ser fram til at Arne Hjeltnes og Wolf Mail Band skal opna årets festival.

Arne og Wolf opnar på Os
Osøren-opninga er i år tilbake i Os sentrum, fredag i neste veke, klokka 17, er det gratiskonsert med Wolf Mail Band. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juni 2013 09:00

Høgreleiar Erna Solberg inviterte seg sjølv til å opna årets Osøren Blues & Jazzfestival, men har seinare meldt avbod.

– Men vi har fått ein partikollega som erstattar, og eg har plan om å introdusera Arne Hjeltnes som Noregs neste landbruksminister, seier Gunnar Nagell Dahl.

Gunnar, som jobbar som matattaché for fylkeskommunen, kjenner Gutta på tur-Arne frå før, og ser fram til at den muntre vossingen skal halda opningstale i Os sentrum.

Trollbindane musikar

– Og så ser eg fram til konsertane med Wolf Mail Band. Wolf Mail var forbi Os i haust, og vi var heldige som fekk på ein intimkonsert på Peppes, som eg trur blei den mest trollbindande haustblueskonserten vi har hatt.

– Vanlegvis er det pubstemning med ein del mas og støy, men Wolf har ein karisma og ein måte å spela på som verkeleg får deg til å lytta, seier Nagell Dahl, og nemner blant anna låta Hello som eksempel.

Sjå Wolf Mail spela Hello i Moskva (YouTube)

Wolf Mail er fødd i Canada og vaksen opp i Sør-Frankrike og i California. Han har gjeve ut ni album og blant anna turnert Europa, Russland, Asia og Australia.

Godt billettsal og praktisk, nytt system

Gunnar er svært nøgd med billettsalet, ei veke før festivalstart.

– Vi har selt rundt 900 billettar og festivalpass, fortel han.

Til årets festival kan du velja mellom festivalpass, som gjev inngang til alt, bortsett frå cruisa med MS Midthordland, dagspass, der du har inngang på begge spelestadar (Peppes og Oseana) same kveld, eller enkeltbillett, som gjev deg inngang til alle konsertar på éin spelestad på éin kveld.

– Det nye billettsystemet vårt frå TicketCo ser også ut til å fungera veldig bra. Vi får alle kjøp inn på administrator-appen på mobilen, og kan skanna QR-kode frå bestilling og papirbillett direkte når publikum kjem for å henta armband.

– I fjor hadde vi opptil ein time kø for å kjøpa billett på enkelte konsertar. Om dei som har kjøpt på førehand kjem til oss på dagtid, i Os Sjøfront-kontoret i servicebygget utanfor Peppes, så kan dei henta armbandet og spasera rett inn på konsert, anbefalar festivalsjefen.

Ledig plass på Midthordland

Sjølv om billettsalet har vore bra er det framleis plass på det som ofte har vore mest populært, cruisa med MS Midthordland.

– Opningscruiset frå Bergen har berre 1 til 4 ledige plassar. Det er godt sal på dei andre òg, men førebels ledig kapasitet på alle, seier Gunnar Nagell Dahl.

Les òg: Her kan du vinna dagspass til Osøren

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.